OPI er eit av mine absolutte favorittmerker innan neglelakkar, og eg tenkte difor at eg i dag skulle syne dykk tre av mine favorittprodukt gjennom denne sumaren.
// My very first knockwurst // Pink yet lavender // Top Coat
Eit lite tips kan vere å kombinere to ulike neglelakkar. Gjerne ein eigen farge på ringfingeren, eller ein glitterlakk over sjølve neglelakken. Sjølv er eg blitt veldig glad i fargen my very first knockwurst, ein farge som passar perfekt i kombinasjon med glitterlakken pink yet lavender. Delikat og enkelt, og resultatet blir jo berre så fint ♡
Q; Har du ein favoritt neglelakk?