Hopp til innhald

Paramaribo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paramaribo
hovudstad
Utsyn over Paramaribo frå byrjinga av 1900-talet.
Land  Surinam
Areal 182 km²
Folketal 223 757 (2019)[1]
Grunnlagd 1630
Kart
Paramaribo
5°52′00″N 55°10′00″W / 5.8666666666667°N 55.166666666667°W / 5.8666666666667; -55.166666666667
Paramaribo i Surinam.
Paramaribo i Surinam.
Paramaribo i Surinam.
Wikimedia Commons: Paramaribo

Paramaribo er hovudstaden i Surinam i Sør-Amerika. Han har rundt 250 000 innbyggjarar. Det historiske sentrumet av byen er ført opp på UNESCO si liste over verdsarv.

Paramaribo ligg rundt 15 km innanfor munningen av elva Surinam i Atlanterhavet. Byen er eit transportsentrum med hamn og jernbaneendepunkt, og er det økonomiske sentrumet i Surinam med størstedelen av industriproduksjonen i landet, mellom anna aluminiumverk, tre-, tekstil-, nærings- og nytelsesmiddelindustri.

Kolonitidhus, Waterkant, sett frå Surinamelva.

Paramaribo har botanisk hage, ei gammal festning og ein del bevart koloniarkitektur, mellom anna presidentpalasset. Domkyrkja i byen frå 1885 er rekna som den største trebygningen i Amerika. Byen har også den største moskeen i Karibia, hindutempel og fleire synagogar. I 2002 blei den historiske bykjerna ført opp på UNESCO si liste over verdsarv.

Paramaribo blei grunnlagd av britar i 1630. I 1651 blei han hovudstad i den britiske kolonien Suriname. Kolonien og byen kom på nederlandske hender i 1816. Det var bybrannar i Paramaribo i 1821 og 1832. Universitetet i byen blei grunnlagd i 1968. I 1975 blei Paramaribo hovudstad i det sjølvstendige Surinam.

Innbyggjarane i Paramaribo er hovudsakleg av afrikansk, indiansk, indisk, javanesisk, kinesisk og nederlandsk opphav.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Paramaribo