Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

tirsdag 20. desember 2011

Juleduken.

I vårt hus er det denne duken som er JULEDUKEN.  Det er mor mi som har brodert den og  eg har fått den for mange år sidan. 
018
 
For meg betyr denne fine, handlaga duken mykje og eg er redd for den. Den kan nok ikkje vaskast, trur eg, . . .  for tenk om det raude fargar av!
 
019            020
No er det berre få dagar att, dei skal brukast til å nyta roen, den julepynta heimen og  god førjulsmat. Nei, eg er ikkje ferdig, mange ting gjenstår og noen får eg ta etter kvart og andre lar eg ver å gjera.
021
 
Ikkje gløym å roa ned,  jula kjem …….
 
Klem!
 

fredag 16. desember 2011

JULETREHOGST

Det er fint å ha ein eigen furuskog på hytta. I dag har vi vert der og hogd ned fleire juletre.

juletre

Dei får stå i carporten og tina til i morgon. Då blir dei tatt inn i varmen og pynta.

juletre2

Det er stas i stua når det er gjort.

Ha ein fin fredagskveld. Klem.

søndag 11. desember 2011

Stemningen kommer seg ....

Enda ei helg er snart over.  Og eg har brukt den bra . . . .  slappa av og kjent at det var godt i ei travel tid. Har pakka inn dei gavene som skal sendast og skrive ein del julekort.

009

Eg har kjøpt inn litt kaker og lefser frå eit julemarked (eg er jo så dårleg til å baka sjøl !!). Dei siste julepresangane  (nesten !!) er òg i boks, det blei ein tur til Husnes i helga og der finn eg alltid noe fint hos Baronessa.

006       007

Men huset er utrolig rotete for eg holder jo på med saker og ting overalt ... . . .  og så må eg jo hugse på å slappa av innimellom.

Ha ei flott ny veke!

tirsdag 6. desember 2011

Julestemning.


Så fekk vi ørlite julesnø. Og stemningen var der med ein gong.

026

Ha fine førjulsdagar !!!

Klem!

lørdag 3. desember 2011

Litt julestemning - INNE !

Eg bruker alltid å pynte huset tidlig til jul. I år har det vert litt tregt. Det skyldes nok mangel på vintervær, for når varmegradene er mange og  med store mengder regn og vind, så uteblir julestemningen.

Men i går starta eg litt ….

001              005

Sviblar og kvite tulipanar . . . . . . . . . nye og gamle julekuler . . .

006        009

. . hjerter i kjøkkenvinduet   . . . . . .  og krans på gangdøra

010

Nissen og nissemor på fast plass i gyngestolen. . .

014

. . . og til slutt langenissen

som ønsker alle ei flott helg !

tirsdag 29. november 2011

Julesokkar

Ka gjør eg når det regnar vannrett og blåser fra alle kantar og alle vegar er stengt av flom eller ras ?? Jo, då sit eg inne og strikkar julesokkar!!
I allefall gjorde eg det på søndag.

No er dei fleste vegar åpna att .. . . . . så lenge det varer.
Ha ei flott veke !!

lørdag 26. november 2011

Klar til advent !


Så kan 1. søndag i advent bare komme !! Adventslysene er på plass! 

013                      012

Riktignok så fant eg ikkje tallene . . .  de 4 zinktallene mine, men eg hadde noen andre som får gjøre nytten så lenge.

003               006

I går dro vi på hytta.  Der er det lett å slappe av.

Det var det viktigste, men eg skulle også sanke mose og ta med  heim små furustiklinger. Alle deler ble gjort  . . . . . .  sjøl om det blåste og hagla som bare det !

007            010

Vi dro heim igjen i dag, så i ettermiddag har eg pynta noen svibler og  mange små furuer er komt på plass i Norgesglass og andre glas.

008

Nå tilbringes kvelden foran Tv med et par strikketøy !!!

Nyt helga  og hugs å ta ein pust i bakken !

fredag 31. desember 2010

GODT NYTTÅR !!!!

Siste dagen i dette året, eit flott år med mange opplevelser og fine minner, og mange hyggelige bekjentskap her inne som eg set stor pris på.

Ei god jul går mot slutten, ei koselig veke med mange store måltider og fullt hus. Men i dag er det eg som får vera gjest og det gler eg meg veldig til. Så deilig å få lov å gå "til duk og dekka bord" hos min bror og svigerinne.

Nyttårsafta ser ut til å bli grå vèrmessig, men ellers så blir den nok bra.

Eg vil takka alle for eit flott år med mye inspirasjon, glede og kreativitet og eg gler meg til å ta fatt på eit nytt og ubrukt år.
Måtte året bli meiningsfyllt og optimistisk .......
Godt Nyttår !!!

tirsdag 28. desember 2010

GLEDE

Å ha travle dagar, å ha mange i huset, mykje matlaging, mykje rydding, mykje lyd ........ er ikkje berre stress ....... det er òg ei stor glede !

Det er kjekt når alle vil koma heim, alle møtes og praten og latteren sit laust, ungane leikar og blir leika med, kveldane blir seine ......... det er glede!

Og i tillegg få gode gåver, to små englar frå dattera, så fine, så fine ...... og mange koselige og gjennomtenkte gåver frå dei andre òg. Men best av alt, dei kjem hit!

Ein herlig kopp som eit av barnebarna har laga , det rører iallfall ved mitt hjarte !
..........GLEDE ........

"Glede har noe med valg å gjøre. Den er der hele tiden og bare venter på at du skal gripe den." (Halldor Skard)
Gjør mer av det du vil.
Klem alle en gang til .
Klem frå Sigfrid

søndag 26. desember 2010

Romjulsdagar

Ei koseleg julafta er over, ungar og vaksne så fornøyde med dagen og kvelden. Ingenting er så godt som glade ungar, det varmar i hjartet mitt.

Gårsdagen gjekk med til julefrokost og lunch og ivrige ungar i snøen og besøk om kvelden, og middag innimellom også !

I dag står fleire middagsgjester på programmet og huset er framleis fullt. Det er kjekt for alle å møtast, og om ein dag eller to kjem endå fleire.
Eg trur eg må ha meg ein tur ut og lufta meg i det flotte, kalde veret!!
Ha fine romjulsdagar !!!

lørdag 18. desember 2010

Velkommen inn, det er jul !!

Litt fiksing utenfor døra i dag..........

....løkter, lyslenke og litt grønt !

Da blir det julestemning utenfor døra også.

Den enkle julekransen fra i fjor er komt opp på veggen også.
Ha ei flott helg.

tirsdag 14. desember 2010

God morgen !!

Av og til er det pyton å våkne så tidlig ....... men det beste er jo å klare å gjøre noe positivt ut av det.

Når 05 vises på klokka så er det ikkje særlig varmt inne heller, men et ullpledd , glovarm te
og ei god bok gjør godt.


Nå går eg på jobb !
Ønsker alle ein flott vinterdag !!
Klemmer ......

søndag 12. desember 2010

Ut å hente juletre

Med eit nydelig søndagsvær, sol og litt snø, var dette den perfekte dagen for juletrehenting.

Nå er vi så heldige at på hyttetomta vår vokser det masse furutre.........

.....så nå var det bare å velge og vrake. Vi hogg ett til oss sjøl og ett til foreldrene mine.

Dyrespor overalt rundt hytta.

Her er både uthuset og hytta og vi håper å få være her mye utover vinteren.
Ha ein flott søndagskveld. Klem....