tirsdag 18. august 2015
Blåbærturen som ikke bare ble blåbærtur
søndag 29. mars 2015
Godt nytt
Min kjære har vore på sjekk og teke blodprøvar for å halde eit auge med Prostatakreften.
Prøveresultata var gode, og me kan pusta roleg fram til neste sjekk om nokre månadar.
Siri
torsdag 26. mars 2015
Nokre gonger...

Dette fann eg på det vide nett, og fekk så lyst å dela. Det er mest så eg trur me alle har stunder som dette...
Siri
lørdag 31. januar 2015
I dag…
…har svigerdotter mi bursdag. I den anledning hadde eg meg ei vandring rundt på det store nettet, leita og fann dette utruleg flotte biletet. Smilar du, slik eg gjer?
Tenk, ei smilande, og, ja, søt rotte og ein blome. Ho fekk denne helsinga på facebook.
Men eg har òg blese opp ballongar, pynta kake, kjøpt nellikar og pakka inn gåve. Gåva var ei heimelaga lykt – hekla trekk til eit tomt syltetøyglas, men kubbelys oppi. Ho er frå Hong Kong, og seier dei ikkje tenner stearinlys der, så når ho er her brenn ho mykje stearinlys.
Ellers er eg glad for at januar månad er ved endes; eg er utsett for å få vinterdepresjon, og slit mest med januar og det meste av februar. Men allereie no går det an å sjå at det såvidt er lysare kveldingar.
Som ei oppsummering av nyåret, vil eg bruka desse ord;
Gud
gje meg Sinnsro
til å godta det eg ikkje kan endra
Mot
til å endra det eg kan
og Visdom
til å sjå forskjellen.
~~~~**~~~~**~~~~
Sender ut gode ønskjer for laurdagskvelden, og resten av helga, til deg.
Siri
søndag 25. januar 2015
Ta kvardagen tilbake…
…det skulle eg ønske eg kunne no. Men eg kjenner etterdønningar av måndagens sjokkmelding ennå. Sjølv om det viste seg at ‘Knut’ ikkje er så hissig, så har min kjære og eg måtte tenkje på mange praktiske ting… Ting som ikkje er lette å sette fokus på..
Kva om….? Ja, for kva om ting skulle skje ganske så plutseleg og uforutsett? Det treng ikkje vera kreftprognose – det kan vera ulykke, eller anna sjukdom…
Eg har lett for å skyva vonde eller vanskelege tankar foran meg, eller til sides. Har ikkje lyst å måtte kjenne kva følelser dei tankane vekkjer i meg…. For KVA OM…?
Me er ein samansatt familie, med mine og dine. Og kva om noko skulle skje med ein av oss? Korleis skal ting fordelast, løysast og fortsetja? Kva med dei ungane som ikkje er myndige ennå? Det finnes vel ikkje automatikk i kor dei skal bu?
Krisa er kanskje ikkje akutt lengre, men eg kjenner at eg er ganske sliten. Eg vil ta kvardagen tilbake – kanskje ikkje den ‘gamle’, men eg vil ta ein BETRE kvardag tilbake!
Siri
lørdag 24. januar 2015
Ikkje det værste utfallet…
Siste veka har vore prega av mykje tankar, og tankekaos. Veka starta med same mønster som ‘alle’ andre veker, men tok ein u-sving allereie på måndag ettermiddag.
Tankane får eit anna fokus, når kvardagen får eit alvorleg innhald. Klisjè, kan hende, men det er alle dei små ting som gjer livet meining.
Min kjære var veldig ukomfortabel med ordet ‘kreft’, så me kom til enighet om å kalla det noko anna; Knut (no håpar eg at ingen ‘Knut’ar blir fornærma). Heldigvis visar det seg at ‘Knut’ er av det snille slaget, eller for baby å rekna ennå, så planen framover er å halda ‘Knut’ under oppsikt, ta blodprøvar, sjekka nøye, og ta til handling om det kjem nokre endringar i ‘Knuts’ oppførsel.
Statistikk er bra, med andre ord, i alle fall når ein havnar på ‘rette’ sida i den..
Siri
onsdag 21. januar 2015
DEN statistikken….
Hva er statistikk?
Statistikk er bra. Det kan gi oversikt over en stor mengde tall og målinger. Statistikk skal hjelpe oss til å se tendenser, altså hvilken retning utviklingen har. (henta frå Globalis.org)
Statistikk er en gren av matematikk som tar for seg analyse av tallfestede dataobservasjoner med den hensikt å kunne trekke konklusjoner basert på disse dataene. Statistikkfaget behandler problemstillinger knyttet til innsamling av data, planlegging og oppsett av eksperimenter, vitenskapsfilosofi, modellbygging, samt tolkning og presentasjon av data og konklusjoner. Statistikk er et sentralt verktøy i alle vitenskapsgrener hvor kvantitative data framskaffes, for eksempel økonomi, industri, meteorologi, medisin og biologi. (henta frå Wikipedia)
Ordet ‘STATISTIKK’ vart ganske så aktuelt denne veka.. Måndag ettermiddag fekk min kjære ein telefon med beskjed om at han har kreft. Tankane går heilt i kaos etter ei slik melding; det første som fell ned i hovudet er mykje praktiske tankar om nåtid og framtid – korleis alt det praktiske skal ordnast. Tankane går inn i ei krisestemning. Så kjem tankane om kven som må informerast først, og korleis.
Då eg hadde litt tid åleine, sat eg meg ned og googla ordet prostatakreft. Det kom opp fleire artiklar, men eg peila meg inn på ei infoside datert hausten 2014 ( no hugsar eg ikkje detaljane på kva side, eller kva dato ). Ein del av innhaldet var om statistikk.
Vidare, om det er for å distrahera meg frå alvorlege tankar veit eg ikkje, så vart eg nysgjerrig på kva som går inn i statistikkar. Med andre ord – eg googla ordet ‘STATISTIKK’. Og ja, som første bolk seier her; statistikk er bra. Alle er me ein del av ein statistikk, men det som betyr noko er kva side me havner på av statistikken…
Siri
torsdag 1. januar 2015
1. dag i det nye året…
…starter ganske grå og våt. Sjøen holder eit lite, poetisk drama for den som vil sjå og høyra.
Godt nytt år til deg! Må året fyllast med gode minner.
Siri
tirsdag 30. desember 2014
Nyttårsforsett som gagnar andre
Men eg vil ha eit nyttårsforsett som gagnar andre dette året...
Å strikka sokkar til asylsøkjarane på Mottaket i Hå, Nærland.
Indremisjonen i Rogaland samla inn varme sokkar før jul. Dei søkte etter nærare 150 stk, helst i herrestørrelsar, men også i dame-og barnestørrelsar.
Eg klarer ikkje strikka 150 par, men eg kan i det minste bidra. Dei har ikkje så mykje, og vert så glade for lite; det såg eg på julefeiringa på Ognatun.
Og det er ikkje noko særleg å frysa på føtene for nokon, og garn har eg liggjande klar.
Til sist vil eg takka for det gamla og ønskja deg eit godt nytt år!
'Ingenting eg umogleg, det tek berre litt lengre tid.'
Siri
torsdag 25. desember 2014
Juleminner for livet
Me byrja dagen litt før halv tolv, med velkomst til alle som skulle kome. Graut og spekemat, dekka bord og mange forventningfulle mennesker, store og små.
Mange ville vere med og hjelpe, så å rydde av bordene og å dekke bordene klare til julemiddag gjekk fort. Eg stod i oppvasken min kjære kokkelerte, begge med god hjelp av dei andre som var vertskap.
Film, julegodter og snacks var neste på agendaen; ein sal med 'Flåklypa', og ein annan sal med 'Tre nøtter til Askepott'. Det var roleg i heile bygget då ;)
Leik og prat gjekk lett no. Ungane med roser i kinna og vaksne med glade stemmer. Med juleførestilling og sang knytta me ennå meir bånd.
Julemiddag - ribbe og pinnekjøt, med alt godt attåt. Juledessert - riskrem og dronning Maud-pudding. Og igjen - alle like hjelpsame med rydding.
Medan eg var i oppvasken, hørde eg sangen og gleda frå dei andre som gjekk rundt juletreet. Dei klappa og var opprikteg glade. Julegåver vart delt ut - ei gåve til kvar familie, og dei einslege fekk ei gåve tilpassa dei.
Å samlast saman dei siste timane, snakka saman, leika, syngja og dansa, gjorde inntrykk. Få høyra litt av deira historie, sjå og føla takknemligheta - det er vanskeleg å setja ord på. Me har fått vener for livet, minner som treng nokre dagar på å finna si form, for det heile var ei sterk oppleving.
Me reiste heim, tok av oss sko og sank saman. Det er lenge sidan eg har vore så sliten, men det var på ein god måte ♥
Alt dette har vore mogleg kun pga gjevarglede og sponsing.
♥ Det var ei god jul ♥
Siri
mandag 22. desember 2014
Så senker julefreden seg....
Eg gledar meg til julaften no - for no har me blitt litt kjende med dei andre to vertsfamiliane, og eg tykkjer me utfyller kvarandre på ein god måte.
Mennesker frå 11 nasjonalitetar skal feira jul saman; eta julegrøt, sjå 3 nøtter til Askepott og Flåklypa, kosa oss med julegodter og snacks, synga og gå rundt juletreet, framføra og sjå juleevangeliet, eta god julemiddag, dela ut og få julegåver, og ikkje minst verta kjende med kvarandre.
Eg vil ønskja deg ei velsigna jul!
Siri
torsdag 30. oktober 2014
Juleglede
I fjor var første gongen det vart arrangert, og det er eit rusfritt arrangement , bygd på norske kristne tradisjonar. Her er det åpent for alle slags nasjonalitetar.
Eg gler meg, og håper vi vil få til ei minneverdig julefeiribg for små og store. Me treng nokre sponsorer til , som kan bidra med julegodteri til alle barna, og slik at alle kan få ei julegåve kvar.
Siri
tirsdag 14. oktober 2014
Sånn går nu dagan…
Den eine dagen er den andre ulik, heldigvis. Men ei ganske lang stund har dagane mine vore altfor like. For eit par år sidan slo ein depresjon meg ganske ut. Hovudet var så trøtt at resten av meg ikkje klarte å fungera fullt ut på jobb lengre. Det er slitsomt å vera sliten.
No er eg midt oppi arbeide med å ta kvardagen min tilbake, og går i kunst- og uttrykksterapi. Eg har funne att gleda i å bruka ark og blyant, måling og leire. Skapargleda kjem meir og meir til overflata, og vil gjera sitt inntog i ledige stunder.
Kvardagen har fått ein smule meir overskot, og eg klarer å sjå at det går framover. Eg har fått meg treningskontakt, og saman driv me styrketrening. Dette er med på å byggja opp om sjølvfølelsen, kjenner eg.
Det er terapi i å vera meir åpen om kvardagen min òg. Å ufarleggjera temaet depresjon. Galgenhumor er ein viktig støttespelar her.
Så, morgondag, kom og ta meg – eg er klar!
Siri
biletet er funne på nettet…
mandag 6. oktober 2014
Ugle
Nok ei ugle er ferdig. Dette var kjekke pusleriee. Eg har funne inspirasjon til desse hjå KIRKEBY. Og eg har laga fleire allereie, men kjem ikkje til å blogga alle. Det hadde nok kanskje vore i meste laget. Undrast på om det er andre som lar seg riva med og lager litt mykje av ting som er kjekt å laga?
Siri
lørdag 26. januar 2013
Stillhet
Stillhetens ro blir ennå meir stille av naturlege lydar. I skogen ein stille dag blir stillheten ennå større når det susar i trærne.
Mark Rutherford
fredag 18. januar 2013
Tur/retur Tyskland
Desse 3 eggevarmarane er på langtur. Hadde eg visst for nokre dagar sidan det eg veit no, så hadde dei ikkje trengt å reise mange kilometrane.
Eit venepar av oss, med dotter, flytta i fjor til Tyskland. Trist for oss på mange måtar, men forståeleg då dei er frå Tyskland. Me har halde kontakt pr post og mail, og me hadde planar om å reisa ned til dei no og då. Ikkje gjort i ei handvending, sidan alt skal klaffe med feriar, arbeidstid og slikt. No ‘slepp’ me tenkja på det ; dei flyttar tilbake til Jæren! Hipp-hipp-hurra!!
Vel, eggevarmarane er på veg til Tyskland, og får heller nyta opplevinga. Damehatten til venstre rekna eg med er til mor. Sauen med blome trur eg dottera vil lika, og hua til høgre, den trur eg far vert glad for. Eg lova nemleg å strikka ei hue til han, ikkje sikkert han hugsar det ennå, men no får han iallefall hua, sjølv om det kanhende er i mykje mindre format enn det han såg føre seg ;)
Restegarnet minkar det på, sjølv om det er dryge trådar. Men eg har litt mindre å velja mellom no, så no er det på tide å byrja på litt større prosjekt.
Siri
mandag 31. desember 2012
søndag 21. oktober 2012
torsdag 13. september 2012
Kvardagsengelen Mayen
lørdag 18. august 2012
Fargerik august
Nokre restar Smart-garn kjem til å varma føtene til ei stor lita jente, tenkjer eg. Synd eg ikkje hadde meir av desse hærlege fargane, for eg kunne godt hatt slike fargeklattar på føtene sjølv når dei gråe haustdagane kjem...
Jellybelle fargar dagane til alle i familien her. Ho er ganske så sjølvsikker når ho kjem og 'krev' kos av den eine etter den andre.
Jellybelle er av den maklege sorten; tasser roleg over golvet, og legg seg ned der ho måtte finna det for godt. Men jammen er ho kjapp i vendingane når ho er i det leikne hjørna...
Som eldstesonen nyleg sa; Ein vert i godt humør berre av å sjå henne...
Siri