Dette er ikkje eit gammalt bllde, eg tok det nettopp no.
Klokka er no 18.05,temperaturen ute er + 3 grader, det regnar og det er bekmørkt ute, ikkje akkurat slikt ver som vi brukar å ha i januar. Og det er ikkje same veret to dagar i strekk, det skiftar heile tida. Men slik er det og vi kan ikkje gjere noko med det.
Slike dagar er det godt å vere inne, og det har eg vore, tok berre ein liten tur på butikken på føremiddagen.
Eg fekk melding frå Margrete og Amanda om at dei ville komme ein tur, og det blei eg glad for. Og som vanleg var det noko dei måtte hjelpe meg med. Telefonen min var gått på ville vegar, men Amanda fekk reparet og oppdatert den, så no kan eg i alle fall vippse.
Eg hadde diverse kaker att frå jul som vi hadde til kaffien, og så hadde vi mykje å snakke om.
Margrete hadde med seg garn , så no skal eg strikke enda fleire lestepar. Eg likar å strikke lestar av tynt garn, og mange likar å ha slike som dei kan når dei går i sko.No har eg i alle fall arbeid til påske, og kanskje enda lenger.
Eg har ikkje gått på Fonnvernet på mange dagar, eg var redd for å få trøbbel med eit kne, det har eg hatt før og eg vil helst sleppe fleire gongar. Eg har litt problem med å halde styr på dagane. I dag har det liksom vor søndag-enda eg har vore på butikk, men no skal eg snart sette på TV-en og bli oppdatert. Det er liksom ikkje så kjekt å høyre nyheiter for tida.
Men håper at alle som er innom bloggen har ei bra eller heilt GOD helg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar