Lever Landlig
Veldig kjekt at du klikker innom bloggen min. Eg er veldig ny i bloggverda, men ønsker å prøve meg litt fram på seine kvelder. Eg bur idyllisk til på ei øy i nærleiken av Bergen. Eg elsker det landlige liv, og prøver å skape det trygt og godt rundt meg. Eg er mamma til 3 søte små, og er for tida heimeverande med yngstemann, som vart fødd i mars. Eg vert glad for kommentarer frå deg som kikker innom :) Eg blogger om livet rundt meg - barn, mat, hus og hage.
måndag 29. november 2010
Gøy å hente posten..
Sist veke var kjempestas å hente posten for mine søte små. Den eine katalogen meir spennande enn den andre. 7 ulike kataloger frå leikebutikkar datt ned i postkassen vår, og det mangla ikkje på entusiasme for dei som ivrig ønska seg det meste (utenom gutteting då) av det som var i blada.
"Dette ønsker eg meg, dette ønsker eg meg, dette trenger eg mamma og dette måååååå eg berre få" osv...
Ei venninne av meg var lettere fortvila over at det berre kom eitt eksemplar av kvar katalog. Med tre born skulle det vært ein til kvart barn. Det blir jo berre krangling av dette.... ( Det slepp me no i alle dall i vårt hus).
I barnehagen har "alle" hatt med seg ulike kataloger, og borna ligg strødd utover golvet og drøymer seg inn i katalogens leiketøy verden. Nesten morro å sjå kor oppslukte dei vert.
Ikkje så lett å kjøpr ullklær til borna til jul i år.........
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Om meg
- Lever Landlig
- Eg er småbarnsmamma til tre barn på 7 år, 5 år og desserten som vart fødd i mars. Eg er opptatt av familien og heimen min, liker å putle på i hagen, lage god mat til familie og venner, og likar godt å vera saman med venner og storfamilie. Eg liker meg godt med "det lanlige liv" rett og slett.
Dei neste vekene er fulle av forventningar for dei små.. eg huskar sjølv kor stas det var når leikekatalogane dumpa ned i postkassa heime!
SvarSlettEin mjuk og ein hard pakke pleie falla i god jord hos mine tantebarn.