Hadde så lyst på strikkebunad til litlehøna. Så då litlehanen var ei veke reiste eg full av optimisme og kjøpte garn. Hadde ca 6. veker til me skulle i konfirmasjon, så planen var å få han ferdig til då. Trudde nok det kunne bli "litt" stress, men eg meinte det kunne gå. Men off så stress det blei! Starta nede på stakken med 300 og ørten maskar. Etterkvart øydela det heile kosen med baby og alt som skulle vere så kjekt. Eg måtte jo strikke i kvart eit ledig minutt, som eg ikkje følte eg hadde mange av.... Fyrst spurde eg mor om ho kunne strikke forkleet. Det kunne ho.... og gjorde det på nokre få dagar. Så fekk ho beltet og bringestykket.... - skal eg ta resten òg?? Jaaa! Takk og pris!
Bunaden blei så utruleg fin og han hadde sikkert vore veldig kjekk å strikke sjølv viss eg berre hadde hatt betre tid på meg. Så Tusen takk mormor!! Eg er veldig takknemleg! ...og me har fått brukt han 3 gonger allereie. Håpar inderleg han passar neste år òg!
Oppskrifta er frå bunadheftet til sandnes garn.
Å, for ei søt, lita prinsesse! Pynta i den vakre bunaden ble hun utrolig fin. Kjekt at du har ei mor som kan trå til. Jeg strikka nesten ikke ei maske mens jentene mine var små. Får håpe bunaden passer neste år også.
SvarSlettHa ei strålende helg! Her har det hagla og sludda i dag, og kaldt har det vært. Vi får leve i håpet om varmere dager.
Godt du hadde noen å spørre, for strikking når man MÅ strikke er pyton... Nydelig resultat!
SvarSlettÅåååå, eg skjønar både entusiasmen din over å strikke denne flotte bunaden til jenta di, og frustrasjonen over at du ikkje får tid.... Takk Gud for dei snille mødrene som skjønar!!! Bunaden var kjempeflott!!!
SvarSlettHei Marta!
SvarSlettHar nettopp hatt besøk av den snille mormora (pluss morfaren og Ludvig)
Høyrde rykte om en flott heimestrikka bunad...
Ei NYDELIGE jenta og ein NYDELIGE bunad var det!
Gratulera med gutten, forresten. Og ha det bra videre!
STORE klem frå tante på Gilja
Nydelig bunad! Ser at det er mye jobb! Tenker at det er litt koselig for ettertiden at den ble et samarbeidsprosjekt? :)
SvarSlettNydelig bunad, for ei flink mormor!!! Lycketrollet er også så heldig å ha ei mormor som har det i fingrene... Heldige disse småjentene :-)
SvarSlettKlem fra Gyro
http://lycketrollet.com