søndag 17. november 2013

It's a rainy day... og sydd papirjuletre

Inspirert av regnet ute,
laga eg dette kortet i går.
Var så heldig å bli invitert i ein 30års dag.
 Farga rundt kantane med sølvstempelpute.
Motivet farga eg med fargeblyanter.
Limte på nokre "diamanter" til regndråper.
Og stempla samme motivet på baksida i sølv.
 Fann idè til dette enkle juletreet på nettet.
Eg sydde sammen 4 papirark,
klipte det trekanta, og bretta ut.
Enkelt og fint.

tirsdag 29. oktober 2013

guttebursdag i dag

Greit å lage kort med bilde frå
Veteranbil kalender.
Bokstavene er klistermerker.
Stjerna er stempla, klipt ut og pynta med ein splittbinders.
 Han som skal gi pakken har teikna inni :-D
 Pakke og kort er klart
Snart blir det guttebursdag!

lørdag 5. oktober 2013

Eit superenkelt kort - og ei vimpelrekke

Skulle sende avgårde ei bestilling - ei vimpelrekke i dag.
Den vart sendt direkte til mottaker av gava,
så da laga eg eit kort der eg skreiv kven gava var frå inni.
 Heilt enkelt, lilla kort
med ugle og tre.
 Og ei lita ugle bakpå.
 I samme fargane som vimpelrekka -
lilla og kvitt.

mandag 23. september 2013

laga bursdagskort til søskenbarnet

Snart 3 år,
og laga kort til Isak, søskenbarnet.
Litt samarbeid med mamma....
 Isak hadde Noa's ark som tema på selskapet.
Eg hadde Noa's ark klistermerker liggende.
 Så da vart det Noa's ark bursdagskort.

tirsdag 20. august 2013

Vimpelrekker og kort, i blått og i rosa

Fekk invitasjon til eit etterlag
tidlig i går.
Ville gjerne ha med ei lita gave.
Så da vart dagen brukt til å sy
vimpelrekke.
 Denne gangen vart det
uten navn.
For tida var for knapp...
 Laga eit kort som skulle
"matche" stoffa eg sydde av.
Brukte teknikken paperpiecing.
 Stempla eit Bibelvers inne i kortet.
 Dattra mi var i prinsesse selskap
for litt sidan.
Eg sydde vimpelrekke med navn til bursdagsbarnet.
Rosa, med sølvbokstaver.
 Og eit kort med prinsesse på...
Og litt "bling-bling"

onsdag 26. juni 2013

Kort til stor gutt, og kort til liten gutt

10 åringen vår var invitert i
10 års selskap.
Eg brukte bilder frå ein
veteranbil kalender som motiv.
 Eit lite bilde inni kortet også.
 Har sydd ei lita guttebukse
til ein liten prins.
Og da må vi no ha eit kort å gi sammen med gaven.
 Eit ganske enkelt kort.
Motivet er stempla, og farga med ProMarkers.
Stempla samme motivet inni kortet også.

tirsdag 25. juni 2013

Kort til babygutt

På dette kortet er hovedmotivet
klippa ut frå samme papir
som eg pakka inn gaven i.
 Pynt ellers er ein blå pappbit,
eit tekststempeltrykk
og ei splittbinders stjerne.
 Inni kortet limte eg lys kartong til å skrive helsinga på.
Stempla ei stjerne,
og to babyhåndavtrykk.
made by
mARTe