Viser innlegg med etiketten fugler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fugler. Vis alle innlegg

onsdag 17. juni 2009

Blå Himmel!, "monster" og kort....

Herleg å gå ut i dag og sjå opp på ein knall blå himmel!
Ved frokosten i dag dukka dette monsteret opp - frå kvitosten!
Hjelp!!!
Heldigvis vart det oppete ;-)

For nokre dagar sidan var Mr.6år i bursdagsselskap.
Han laga kortet som han gav:
..med litt innblanding frå mamma, da....
Bilteikning må vere med...

torsdag 14. mai 2009

14.mai

Mormor måtte ein tur på mørkeloftet ein dag, og da var gutane snare med å smette opp stigen dei også. Mr.6år gjorde eit funn. Dei gode, gamle rulleskøytene til eine tanta. Dei er litt store, men jammen har dei fått "hjul å gå på". Dette syntes han var gøy! I fin stil....
Eit bilde av den vakre fjørkledde som bor i kjelleren...
Søt!

onsdag 14. januar 2009

Glimt frå i dag.

Eg som skreiv at aktiviteten her inne ville avta ei stund... Eg pakker innimellom. Vi har no nokre veker på oss enda, så stresset har ikkje begynt enda. Så derfor kobler eg av ved å blogge.
I dag var det baner i lange baner på stua vår. Racerbilbana har stått framme siden romjula, det var julegave til gutane. Togbana vart bygd i dag tidlig av Mr.5 1/2 år. Denne bana fekk Mr.4år til jul.
Denne er populær blandt både store og små gutter...
Medan vi åt middag, fekk vi besøk av nokre stjertmeiser. Vi måtte fram med fugleboka for å finne ut kva slags fugler det var. (Bildet er frå fugleboka).
Vakker solnedgang var det også. Den blir aldri like bra på bilde... Gleder meg til solnedgangen er ved kveldsmat tid istaden for ved middagstid....