Koselig å lage til
adventsstaken i dag! Tok eit avlangt glassfat, pakka det inn i aluminiumsfolie, danderte mose på det, satte på plass
4 kvite lys med fine tall på (takk mamma!), til slutt kom nokre lerke-kongler og raude perler på....
(På første bildet hadde ikkje dei raude perlene komt på plass...)
I morga skal vi
tenne 1. lys!No tenner vi det først lys
Åleine må det stå
Vi venter på det vesle barn
I krybba, lagt på strå.

I går var det nest sist samling på Yngstes. (Siste samling er ei stor felles samling for alle tre gruppene, med foreldre, besteforeldre....). Barna fekk lage kvar sin
juledekorasjon - i ein maisboks. Dei var så flinke! Dei fekk utdelt grønt, greiner, kongler, sopp, bær, sløyfe, og så laga dei til "skilt" med teksten; OSS ER EIN EVIG FRELSER FØDT.

Denne
dekorasjonen laga 6 1/2 åringen min!