Viser innlegg med etiketten Sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sommar. Vis alle innlegg

søndag 26. juni 2022

Nytt kjøkken

 Eg har lenge hatt lyst på nytt kjøkken og nå har me fått det på plass.

Då me i 2011 renoverte huset blei kjøkkenet som var frå før sett på vent. 

Me fekk nye benkeplater, ny vask og nye kvitevarer då, 

i tillegg måla me vegger og tak og la parkett på golvet,

 men innreiinga elles var det som var frå før.

M har etter 2011 tatt rom for rom og nå er alle rom pussa opp.


 Me har valt Strai-kjøkken, modell Risør. 

Kjøkkenet er kjøpt hos Knapphus kjøkkensenter, avdeling Karmøy. 

Det er også dei som har montert kjøkkenet.


 Kjøkkenet er ikkje stort, men praktisk, og me har den plassen me treng i kvardagen.



På benken har eg plassert gammalt arvegods.




Far sin kopp som han hadde med seg då han var på fiske.


Flis med Fadervår har eg kjøpt på auksjon.

Flisene på kjøkkenveggen kom på plass rett før fødselsdagen min, 
så då passa det godt å be til selskap.


Velkommen inn!




Pynta og dekka til kaffe i salongen.




Eg hadde pynta med blomar frå hagen og blomar som eg fekk i gåve.




"Bestestova"


Her har m or sin brudekjole fått plass.


Farmor sin symaskin står også i denne stova.


I etestova har eg mange antikke bruktkjøp.








Gåve frå ei venninne som er blomsterdekoratør.


Og ute er det junikveld.


         Det nye kjøkkenet dekka til fest.
Takk for laget damer!


Eg fekk både gåvekort og gåver, 
og noko av det finaste var hekla gardikappe til kjøkkenet.
Ei venninne skulle hekle for meg, men som betalt oppdrag, 
eg visste ikkje då at eg skulle få den i gåve.
Er den ikkje fin?




Nå seier me oss nøgde med oppussing for ei stund, 
har holdt på av og på i 11 år nå😉


I juni er blåtimen ved midnattstid.💙

fredag 12. oktober 2018

Hageglede

Då er sommaren 2018 historie,
men du verda for ein fantastisk sommar me fekk i år!
Varmt og strålande vêr heile sommaren.
I september kom regnet, og etter det har det kome store nedbørsmengder.
No dei siste dagane derimot har me hatt strålande sol og varme vindar.
Eg har nytta høvet til å tømme kassar og potter.
Dei fleste krukkene står nå vinterlagra i kjellaren, 
og skaugumbegonia- og sommargeorgineknollar ligg frostfritt i potetkjellaren.




'Leonardo da Vinci'- og 'Bonica rosene blømer framleis, 
det same gjer geraniumen 'Rozanne'.
'Rozanne' er ein fantastisk staude, blømer rikt og lenge. 
Den er heller ikkje sneglefavoritt.


Det meste rundt meg har ein grønn/gul/brun fargepalett ispedd litt raudt.
I dag blæs det frisk og det er meldt regn, 
så snart ligg den fargerike bladpryden på bakken.

Heldigvis kan eg framleis nyte sommarens blomeprakt, via bilde på ulike skjermar.


Her frå terrassen.


Roser stortrivst med sol og varme.



Klematis.


Stjerneklokker Campanula poscharskyana og Betlehemsklokke (Campanula isophylla)
fekk det i tørraste laget i sommar, men dei har vore fine no etter at regnet kom.


Begonia x tuberhybrida og Begonia multiflora stortrivst i skuggen.


Mjødurt, skaugumbegonia, og gjerdesolhatt blømer i august.


Litt av kvart. Det rosa er strandkattehale.


 Heile september og godt ut i oktober regna det ei einaste lang regnbyge. 
Endeleg etter eit par soldagar kunne tredjeslåtten slåast, rakast, pakkast, 
og køyrast heim og lagrast til vinterfor, både hos oss og naboane.


Dei aller næraste naboane får maten servert både sommar og vinter. 
Fredelege og vakre dyr som likar å helse på når eg går tur.


Eg seier takk for denne gongen med dette diktet av Per Sivle

HAUST
Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
       som song
i Sumar so vænt millom Greino?
       Sidan eg høyrde deim
       ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.

Kvar vart det taa alle dei Blomar,
       som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
       Eg ser yver Bøen,
       men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
       — Han visnar, Blomen, mot Hausten.