Viser innlegg med etiketten ipomea. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ipomea. Vis alle innlegg

torsdag 18. september 2014

Ipomea på erobringstokt

Eg likar klatreplanta Impomea. Her er det imidlertid ein del problem: Startar du for tidleg med å så inne, så har Ipomeaen plutseleg vokse 2 meter og snurra seg rundt alt i nærleiken. Og eg har så vondt for å klippe ned... I motsatt fall, med sein såing så vil ikkje Ipomeaen blomstre før tidleg haust. Slik var det hos meg i år. No har imidlertid Ipomeaen teke igjen alt han forsømte i sommar, eg snublar inn ytterdøra i mørke fordi utlyset er heilt dekka, og tørkestativet er erobra som klatreplass. Faktisk ikkje så dumt når eg ser nærmare på blomsterprakta der. Til neste sommer skal eg vurdere om Ipomeaen skal få stativet åleine - kle kan eg sikkert tørke ein annan stad!



torsdag 13. oktober 2011

Ipomeaen som kom inn fra kulden

Ipomeaen min har ikkje synest om sommaren. For kaldt! Lite sol! Regn! Nesten så eg høyrer klaginga. Og under haustoppryddinga ute, så sto den der klar med mengder av knoppar. Kald haustsol klarte ikkje å rulle opp dei fine spiralknoppane. Då tok eg plaststampen med ipomea og bar inn i stova. Rettnok etter først å ha sprøyta grundig med mi gladblanding mot gruff: Vatn, grønsåpe og akevitt! Etter to dagar inne tok ipomeaen imot meg om morgenen med 14 blomster! Det går ikkje an å ha ein bedre start på dagen!

torsdag 20. januar 2011

Glasverandaminner

Dette er barndomsheimen min, eit hus med glasveranda. Om vinteren var der sprettkaldt på verandaen, dei enkle glasrutene var ofte delvis dekka med is. Men om sommeren laga mor til ein grøn oase der.  I februar i fjor vart eg nostalgisk, og kom på at dette året skulle eg dyrke frå frø same klatreplantene som mor hadde på glasverandaen. Vestlandssommeren er som kjent ustabil, og mor fann det nok tryggast å ha plantene inne. Eg sådde klokkeranke, ipomea og tropevindel. Resultatet vart flott, bortsett frå problem med å floke opp ipomeaen før eg fekk plantene ut i det fri!


Klokkeranke - Cobaea scandens
Tropevindel - Thunbergia alata