Viser innlegg med etiketten Humle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Humle. Vis alle innlegg

mandag 22. juni 2015

Pallekasse med planter for humler

Tidleg i vår gjekk eg til innkjøp av pallekasser. I den eine kassa sådde eg  frø av humleattraktive planter som honningurt, ringblomster, salvie og frøpose med humleblomstblanding. Kald vår og forsommar gjer at småplantene har vokse seint og kan så langt ikkje by på mat til humlene. Heldigvis har eg blomstrande stauder i hagen, og akkurat no er det i akeleiene humlene surrar rundt. Humla på bildet ser litt tvilrådig ut: Er inngangen i akeleier frå toppen, frå sida eller kanskje nedanfrå?



søndag 3. august 2014

I år har det summa i hagen!

Det skal vere insekt i hagen! Framfor alt vil eg ha der humler, bier og sommerfuglar. I år har det verkeleg teke av med vitjande humler og bier i hagefloraen min, aldri har hagen vore så full av summande lyd som denne sommaren. Planlegging av tilbodsplanter til humler og bier vart ikkje gjort gjennomtenkt av meg i vår, men det viste seg at hagen hadde nok av interessante blomsterplanter å by på.
Humlene har ennå ikkje teke i bruk humleholken min til bustad, i staden bor der ein humlefamilie bak panelet på garasjen. Og så bor der humler i taket. Mannen min fekk for seg at han måtte pusse takvinduet utanfrå - (søstrene hans frå Vestlandet kom på besøk...) Men der måtte han avslutte arbeidet lynsnart for under ein takstein like attmed bodde ein humlefamilie og dei likte ikkje aktiviteten hans. Han kom seg fort ned av taket!
Tre på topp planter for humler i sommar har vore agurkurk, kornvalmue og revebjelle. Etter at desse plantene blomstra av, har hestemynte vist seg å vere stor favoritt.
Neste år skal eg plante ringblomster, blomkarse, storhjortetrøst, honningurt, kystfrøstjerne og mange fleire! Plass? Her må eg nok inn i forhandlingar om plenarealet... Når det er sagt, så fekk plenstykket med kvitkløver lov til å blomstre i fred i år, til glede for både humlene og meg!






tirsdag 25. juni 2013

Timianlykke

Ifjor vart det rydda og planta til på ei stor ugrastomt ikkje så langt ifrå her eg bur. Resultatet er det mange meiningar om, men eg er storbegeistra for timianbedda som vart anlagt. Bedda - 5 stykker i alt - er ganske store og har fasong som ei omvendt brødform. Så er dei planta til tett i tett med timianplanter i fleire fargar. Og det var ikkje berre eg som fryda meg over timianen.  Like begeistra og ivrige i sankejobben var store og små humler og mengder av bier! PS. Eg har allereie sett meg ut ein plass i hagen min der eg skal plante timian...




onsdag 8. mai 2013

Humleholk og humler

Eg fekk i julepresang for eit par år tilbake ein humleholk. Innkjøpt på Naturskyddsføreningen i Sverige, og holken var designa for jordhumler. Den skulle altså gravast ned, og det fulgte med eit 40 cm langt innkrypingsrør! Eg er glad i humler, og ønsker å legge til rette for dei i hagen min. Holken var graven ned, men ingen humler flytta inn! Det er nok ikkje så enkelt å få humlene til å finne fram. Om hausten grov eg opp holken, og då bar den spor av å ha vore bustad for saksedyr....No i år har eg sett holken på veggen utan innkrypingsrør. Til informasjon, botnen i kassa er dekka med ca 3 cm trespon.


Og så må eg ta med mitt favorittbilde av humle. Denne humla jobbar iherdig i den kvite julerosa mi. Julerosa er den første stauden som blomstrar i hagen min, til like stor glede for meg og humlene!


søndag 25. mars 2012

Bombus!

Eit sikkert vårtegn er at dei første humlene dukker opp og surrar rundt i hagen på leit etter mat og kanskje ein ny bustad. Og eg har dessverre ikkje så mykje å by på i matvegen akkurat no. Heldigvis, den kvite julerosa står i full blomst til glede for meg og humlene. Dernest er det det krokusen som er av humleinteresse, noke meir har eg ikkje å by på. Kanskje eg burde plante selje i hagen? Det er ikkje greit å vere åleinemor humle akkurat no. Mat skal skaffast, ny bustad må finnast og så i gang med storfamilie. Mitt bidrag er å ikkje fange humlene for artsbestemming på denne tid, dei skal sleppe stress!

torsdag 28. oktober 2010

Humle - ein gamal kulturvekst

Humle er ikkje ein plante eg kjenner frå barndomen av. Ikkje voks den vill, og ikkje var humle planta i hagane på min heimestad. Humle har vore dyrka i Norge heilt tilbake til vikingtida, og hadde fleire bruksområder enn ølkrydder. Eg synest humle er ein fasinerande vekst med lang kulturhistorie, og i tillegg ein eksotisk klatreplante.  Det  må vel vere den planta som greier å strekke seg lengst i løpet av sommeren!   Men planen min om å sette humle attmed ein stolpe rett utanfor hagen vart nedstemt av mannen min. Han hadde humle i sin barndoms hage, og syntest slett ikkje om den!  Så her vart det ikkje planta, i staden får eg glede meg over å sjå humle andre stader. Humlebilda er frå turen til Berlin i september.

lørdag 26. juni 2010

La humla suse!


Eg liker humler! Dei er trivleg runde i forma, strevsomme og ikkje agressive. Tidlegare år var det alltid humlebol hos oss under eine vindskeia på garasjen. I vår gjekk eg til innkjøp av boka "Humlor - alla Sveriges arter" ettersom eg ikkje fann noke tilsvarende på norsk. Så da dei store dronninghumlene dukka opp, sprang eg etter dei med boka i handa for å prøve å klassifisere..... Det var ikkje heilt enkelt! I boka var også liste over humlene sine favorittblomster i hagen. Tja, det stemmer ikkje heilt med det eg ser. Der er ingen interesse hos humlene for lavendel og gul revebjelle, akeleier og den gamle gule rosa er derimot svært så bra besøkt. Så får eg sjå om anisisop, løvehale og vanleg isop som ikkje er i blomst enno kan vekke interesse hos humlene. Det heng nok saman med arten humle som er hos meg. Nyleg sto ein avisartikkel at humler og bier er utryddingstrua fordi høvelege boplassane mangler eller vert øydelagt. Videre var det i artikkelen oppfordring til hageeigarar om å plante "humlevennlege" planter, og la løvetanna stå... Dersom vi ikkje får blåbær, så er det fordi humlene mangler. Det er berre humler som greier å lage den vibrasjonslyden som gjer at blåbæra vert bestøva. Bildet er av naboen sin gullregn. Treet summer og syng av humleaktivitet!