Saftige og grøne vårlauv, teststrikka av Tori i Pickles Pure Wool - og raudglødande haustlauv med gylne striper (grunnmodellen) strikka av Frida i Ask/Hifa 2 |
For dei som enno ikkje har prøvd å strikka tofarga vottar med tommelkile i handflata - altså vottar à la Selbu - kan grunnmodellen av Eventyrlauv vere ein bra start.
Variant 2: "Frostlauv" med hjartestripe (til høgre). Denne blåturkise og kvite votten er strikka i det økologiske garnet Cheeky Merino Joy frå Rosy Green Wool.
No til julegåve-konkurransen: Kommenterer du under dette innlegget, med ynske om kva for vottar du har lyst på av dei tre på fotocollagen nedanfor, innan kl 23 i kveld (fredag 19. desember) er du med i trekninga om eitt ferdigstrikka vottepar. Om du har lyst: Skriv gjerne også kvifor du ynskjer deg akkurat dette paret! Eitt par blir trekt ut (til deg?) rett etter kl 23 i kveld, dei to andre para gir vi i gåve til Kirkens Bymisjon i Oslo.