Stolar IKEA Storsele, puter Princess. DIY hjerte av messingstreng og DIY stjerne av lerkegreiner.
Vase og skål frå Herlighet.
Det kjekkaste med å ha tatt grovarbeidet med å flikke litt og pusse opp i huset, er å kunne setje på plass møblar og ting igjen. Likevel synes eg at det er vanskeleg. Sjølv om eg får høyre av kjentfolk; at det huset ditt er vel berre til utstilling? Så er nok ikkje det tilfelle. Det skal vere praktisk og brukarvennleg også. Kanskje nokon fnys av at eg seier dette, og værsågod! Men eg meiner det. Loftstova er lillebroren sitt domene, der er sjelden råd å gå over golvet uten å sjå seg godt for. Det går faktisk ikkje an å rydde ofte, for der er berre slike ting ein lillebror treng kvar dag! Han et der også, og koser seg i skuvsenga som brukar å stå innunder skråtaket. Optimistisk var nok eg, når eg forsøkte meg med to stolar der i dag. Eg forstod fort at dette ikkje er ein del av lillebroren sin draum.
Eg har berre to slike IKEA Storsele stolar, viss nokon lurte. Dei har vore avbilda både på stove, kjøkken, hagestove og no loftstove. Grunnen er at dei er så fykande lette, at til og med eg kan løfte dei! Viss ting er flyttbare i Elin-målestokk, har dei det med å finne nye opphaldsstader... Eg veit jammen ikkje kvar eg likar dei best? Dei er på toppen av alt gode å sitje i også.
Det har blitt søndag, og siste frist for å melde seg på GiveAwayen min,
der eg loddar ut sengetøy frå BeachHouseCompany. Er du usikker på om det er noko å satse på? Vel, då kan eg fortelje at mannen min har uttalt at heretter skal vi KUN ha slike her i huset! :) Han uttalar seg ikkje så veldig om noko som helst som har med interiør å gjere, så eg trur det må vere ein uttalelse med tyngde i? Dei er supergode å sove i! Og fine å sjå på; det er greit det også? ;)
Du kan trykkje HER viss du vil melde deg på.
Fristen går ut ved midnatt.
Ynskjer alle ei flott, ny veke!
Tusen takk for alle kommentarar og besøk.
Tenk at Draumesidene snart fyller tre år, kven skulle
tru at eg kom til å halde på så lenge?
Elin