Viser innlegg med etiketten Ut på tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ut på tur. Vis alle innlegg

tirsdag 31. januar 2017

Søndagstur til fjells

 På søndag hadde vi oss ein fantastisk fin tur til fjells, på barmark!
Heilt utruleg at ein kan gå så høgt sist i januar utan at det er snø. Ein og anna flekk, 
men langt unna det det burde vore no her i høgda...


 Heimbygda mi i sikte

 Heilefjellet og Storehesten har fått behalde litt snø...

Godt selskap og godt humør!


tirsdag 17. januar 2017

Mariusgenser til mannen ♥

 Så var det altså min kjære sin tur til å få seg eit strikkeplagg!

Han har skrekkallergi mot alt som kan antydast å klø når det gjeld strikkaplagg...
Så gleda var i grunnen stor då eg fekk han til å skjønne at i dag finnast det garn som ikkje klør!
(Han har ein mariushue i Sterk frå før, som ikkje klør, men det trur eg han  har gløymt...)
Eg har ein stund prøvd å få han til å skjønne at det er ingenting som er som ull og
 dei kvalitetane ull kan skilte med i bruk...
 
"- ok, sikkert mulig det, men det kløøør....!"

Vel, då var det berre å få på han ein ferdig strikka genser i Sterk garn!
Og, jupp! Han vart sjølvsagt overbevist! 
HA!
Han vart faktisk veldig overbevist og ville ha strikkegensar snarast!
Berre å få sving på strikkepinnane med andre ord (>‿◠)✌

 No er gensaren ferdig og mannen er svært fornøgd! Hurra!
-og det er eg òg! 😉
Gensaren vart fin og passa perfekt, godt å få ferdig eit så stort plagg!

(Litt morsomt, når bilde skulle takast vart gensaren vrengt på, rett på naken hud, og testen vart bestått! Han påstår at heile kroppen strittar før den kjem på, rett og slett av gammel og dårlig erfaring med strikkeplagg (!) Men her er det ingen kløing og gubben er fornøgd!)
 
 Mønster: 
 Marius-genser, rundsalet herre str. S
Garn: 
Sterk frå Du Store Alpakka
Pinner: 
3 og 3,5
Forbruk garn: 
8 nøster mellomgrå
  1 nøste kvit
 1 nøste koksgrå (bruker berre litt)


Eit par bilder frå den fantastiske helga vi hadde!
Her frå skitur i Gjesdalsdalen på Jølster på søndag.
Vi var heldige og fekk med oss nokre etterlengta solstråler, lykke!

 
Synd det flotte vintervêret ikkje skulle vare særleg lenge.
(Godt ein kan lagre litt minner på disk... 😉✌)




søndag 20. november 2016

❄ Stølstur ❄

 -Jølster-

I dag vart det endeleg tid til å komme seg ut i naturen ein tur.
Vi fann ut at vi skulle gå slik at vi kunne få vere litt i sola, og bestemde oss for 
ein støl i nærleiken som vi ikkje hadde vore på før; Østenstadstøylen i Jølster.
Vi såg på kartet og rekna med det skulle vere grei skuring å finne den, men det skulle vise seg å vere enklare sagt enn gjort... Vi starta på traktorveg, og det burde vere kurant, 
likevel var vi to ganger på veg i feil retning...
Slik er det når det går traktorvegar i alle retningar....men begge gangane skjønte vi 
det heldiggvis kjapt at det måtte vere feil og fekk retta opp.
 
 Verre vart når vi tredje gongen var heilt sikre på at vi tok av rett og følgde også ein stund nokon andre sine spor... Men vi havna i djup snø oppi bratt ur ved hogstfelt og kava oss fram, men ved hjelp av staheit, kart på telefon og magefølelsen gav vi ikkje opp og til slutt fann vi endeleg støylen! 
Ikkje så lett å finne sti under djup snø på ukjent grunn! 
Det som skulle vere ein lett stølstur vart til 6,5 km, og mykje av turen brøyta vi oss fram i snø...
Fekk no trimma oss i allefall!

 -Endeleg framme, dokumentering må til...

 Gjorde godt å sette seg ved stølsveggen og nyte ein varm kaffikopp!
 
PS! 
På veg ned igjen klarte vi det kunststykke å dra på oss ein halv kilometer ekstra, 
etter at vi bomma på eit vegskille på traktorvegen igjen! Er det mulig?? 
Det skal i allefall investeres i GPS...
(...hatt planer om det lenge...no er det på tide til vinteren!)



onsdag 19. november 2014

Fotodag

 I dag har eg hatt fri og god tid til å leike meg med kamera på tur.
God tid + kamera + dagslys + hund
=
L Y K K E



 Det vart rusletur i nærområdet i herleg haustvêr


  Dette bildet er verdt å granske litt...

Det er faktisk satt 
O P P - N E D
Speglinga i vatnet var så kul at eg snudde bildet opp/ned eterpå!



 Hunden var med og må pent vente litt mens mor fotograferer...



I dag vart bilda ganske så forskjellige utifrå kva himmelretning dei vart tatt i mot



søndag 16. november 2014

Flugestøylen

 I dag gjekk turen til Flugestøylen i Jølster.
Er ikkje anna enn utruleg at vi kan gå til fjells i 10 varmegrader midt i november!
-og det var ikkje eit vindpust på vegen heller!
 
Har ikkje vore her før, det viste seg å vere ein superfin, lett tur til støls.
Ca. 3 km å gå frå parkering og fram til støylen. Lett terreng/sti som passa fint for kneet mitt som ikkje er glad i nedoverbakkar.


 Ein liten rast på støylen

 Herfrå kan ein fortsette framover ein 3-4 km til, og komme ned att i Botnen i Angedalen,
 det skal jammen prøvast ut ein anna gong!








Store delar av stien var reine luksus!
Mange plassar var det lagt ned mykje arbeid med steinlagt sti.

-Og så var det kjekt med alle dei lokale namna som var merka på skilt undervegs. Namna dei brukte
før i tida har lett for å bli gløymde, men her har det vore gjort ein flott jobb slik at andre kan få kjennskap til dei og at dei blir hugsa for etttertida. Det gir også litt undring undervegs på kva som har vore historiane bak namna....

 




onsdag 8. oktober 2014

Haustferiehelg i Bergen

 I helga var vi på haustferietur til Bergen, her har eg nokre av søskena mine så då får vi besøkt dei
samtidig som vi får lufta oss med bytur!

 Fredagen då vi drog inn over var det eit skikkeleg ruskevêr, med regn og vind, men etterkvart vart det heilt strålandes og Bergen viste seg frå si beste side. Og det skal seiast, vi er nesten alltid heldige med vêret i Bergen! ツ ツ ツ
 
 Søndagen drog mann og barn på Vannkanten for å bade, mens eg vart med yngstesøstra mi på fotur til Fløyen, heldige meg! Eg har aldri gått opp før så det var skikkeleg kjekt å endeleg få gjort,og så i DET fantastiske vêret då!!! Trim og fornøyelse på ein gong, 
og ikkje minst koseleg skravlestund oss søstrene i mellom! ツ

 Knipsa på vegen opp og knipsa på vegen ned......

 Mandagen var det reine sommardagen i Bergen, vi gjekk rundt på bryggen og vart rimeleg varme, temperaturen viste omlag 20 grader i oktober! Då vart det å ete på uterestaurant! Fantastisk!

 Synast Bergen har så mange fine hus, med så stor variasjon, blir så fasinert av bygninger!
Så eit lite knippe må få vere med...

 Kan ikkje beskylde bergensarane for å vere kjedelige i allfall, her er det ikkje konkuranse om å likne mest på naboen! Verkar mest som det motsette! ツ



lørdag 20. september 2014

Nordheia / Djupvikenipa

I går kveld var vi ein tur på Nordheia igjen, planen var å gå opp så pass seint at vi skulle få
med oss heile solnedgangen. Det har vore nokre fantastiske kveldshimlar i det siste og vi fann ut at vi måtte få med oss ein slik høgt til fjells. Men i kveld var altså kvelden det skulle skye til, så det vart ikkje heilt slik som vi hadde håpa på. Men ein fin tur likevel, og i dag kom regnet,
 så vi får vel sei oss fornøgd.

 Utsikt frå Djupvikenipa 650 moh. ut Førdefjorden, med Heilefjellet til venstre.

 Innskriving  i boka ved varden på Nordheia 662 moh.

 Kjekt å vere fleire på tur i lag!

Turvenner


søndag 7. september 2014

Nordheia - Friluftslivets dag

 I dag har det vore "Friluftslivetsdag" med ulike arrangement rundt om i landet.
Vi  tok ut på "eigahand" til Nordheiane i Førde. 
Det er ikkje langt frå der eg vaks opp, så fjella her er "heime".
Likevel er det faktisk første gang eg går til fots opp her, har berre gått her på ski tidlegare, så det var på høg tid å gå stien.
Turen er ikkje lang og heller ikkje av dei brattaste så det passa godt for 
eit trøblete kne som likar dårleg å gå nedoverbakkar.
 -Og ein får mykje "utsiktsvaluta" for pengane! ;)

Det var mykje vind på toppen, berre sjå på bikkja, he-he...., synast det var litt
 morosamt med den luftige bakoversveisen! :)
Vi gjekk vidare frå varden på Nordheia 662 moh. og bort på Djupvikenipa 650 moh. der utsikten vert enno betre mot fjorden.

Det var såpass vind i dag at vi måtte eit stykke ned att i lia for å ta nistepausen.
Det var ein blå-grå dag og det ber bilda preg av, men vi var heldige og slapp unna regn, det vart berre nokre få dropar, og litt meir når vi kom ned att til bilen. 
Berre eit par timar etterpå låg heile Nordheia frå vegen og heilt opp innhylla i tjukk tåke!
Så om sikten kunne vore klårare i dag, hadde vi trass alt flaks!

Tek med eit kart i dag òg om nokon er interessert (frå UT.no)
Har merka inn kor vi gjekk. Stien er ikkje merka, men heilt tydeleg frå parkeringsplassen (før tunnellen) og heilt opp! På toppen er det ein liten varde med moglegheit for å skrive seg inn i bok Ein startar altså på høgresida når ein kjem frå Førde. Det er ca 2 km til varden på fin sti. 
Ein fin tur når ein vil ha ein litt lettare "topptur" med flott utsikt!