Populære sporter
All sport
Vis alt

Ruud klar for kvartfinale – slo farens rekord

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 31/07/2024 klokken 20:51 GMT+2

Casper Ruud er klar for kvartfinalen i OL. Det er det beste norske resultatet på herresida i OL.

Ruud nøgd med eigen prestasjon: – Kanskje den beste kampen

  • Sjå Casper Ruud i OL på TVNorge og Max!
Casper Ruud – Francisco Cerundolo 2-0 (6-3, 6-4)
Casper Ruud gjekk sigrande ut av kampen mot Francisco Cerundolo i tredje runde av OL i strake sett.
– Eg har ikkje sett han betre i 2024, og det trur eg ikkje han har gjort sjølv heller. Det var heilt rått. Det var ei oppvisning som aldri slutta, sa Discoverys tennisekspert Dorthea Faa-Hviding.
Ruud er einig i at det var ein god kamp.
– Det var kanskje den beste kampen her, mot ein god spelar i god form. Eg gjekk aggresivt til verks, kanskje meir enn eg eigentleg gjer, seier Ruud til Discovery.
Dermed avanserte han til kvartfinale. Det har ingen nordmann på herresida klart før.
Det var faren til Ruud, Christian Ruud, som stod med den tidlegare rekorden. Han kom til tredje runde i Atlanta i 1996.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Ruud frustrert etter denne absurde hendinga: – Dette må forklarast!

God start

Ruud fekk ein god start på kampen. Han klarte å bryte til stillinga 4-3, medan Cerundolo berre hadde éin breakmoglegheit, som argentinaren ikkje klarte å ta vare på.
I andre sett fekk Ruud to breakballar mot seg i første servegame, men han kom seg heilskinna gjennom. På stillinga 2-2 var det Ruud som denne gongen hadde breakball, og den tok han vare på.
– Det er kjempetennis av Casper. Alt sit, og han slår ikkje ein einaste feil akkurat no, sa Discoverys tenniskommentator Christer Francke.
Ingen av tennisspelarane hadde breakmoglegheitar utover settet, og på stillinga 5-4 kunne Ruud serve for kampen.
– No kan vi berre slappe av resten av OL, for denne tennisen er bra. Han er så på, han lurer seg fram, og han er uredd, seier Faa-Hviding.

Utlikna

Ruud og Cerundolo hadde møtt kvarandre fem gongar tidlegare, før OL-kampen. Argentinaren stod med éin siger meir.
– Dette er den beste kampen han har spelt mot Cerundolo i karrieren, sa Francke.
Det er motstandaren einig i:
– Eg trur dette er det beste eg har sett av han. Eg prøvde mitt beste, og eg spelte ikkje dårleg, men i nokre poeng kunne eg ikkje gjere noko, seier han til Discovery.
I kvartfinalen møter Ruud kanadiske Félix Auger-Aliassime. Han avanserte etter at han slo ut verdsfemmar Daniil Medvedev.
Sett denne?
picture

Ærlig Ruud etter avansementet: – Frustrert


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame