laurdag 1. september 2012

eg trur dette må vere eit rop om hjelp. eg flytta heim for vel to og ein halv månad sidan, men yo. her er eg att.

dagen i dag har vore eit lite lowpoint reint heimattflyttemessig, eg har kjent litt på det å vere åleine. kjipe greier, ass. i tillegg har det regna, og på toppen av det heile såg eg kompani orheim, ein film basert på tore renberg si bok av same namn. for eit kolossalt nedsig. ikkje at han var dårleg, altså. men storyen er så sjukt trist. så eg måtte grina litt då veitdykk. jaaadda, slik går nu dagan.

dagens høgdepunkt, om eg kan kalle det det: eg datt i trappa. heilt frå toppen og ned. det var så sjukt vondt, og min einaste ven og sambuar, katten, valde å springe langt pokker i vold  istaden for å trøste meg. drittkatt. me er ikkje lenger på talefot.

onsdag 18. april 2012

då er mine dagar som av-og-til-bloggar over. eg er snart ferdig lærar, og driv med jobbsøkjing. denne bloggen, som kanskje utleverer litt meir enn det som bra er, kjem opp dersom ein googlar namnet mitt. det vil eg ikkje, så eg har bestemt meg for å stengje bloggen for godt, kanskje med unntak av såkalla intviterte lesarar. sååå dersom det skulle vere av litt interesse: namedrop deg sjølv i kommentarfeltet :)

takk for nå! koz og klemz frå cathrineeeeeee

onsdag 28. mars 2012

onsdag 14. mars 2012

random verdensmatch. likar det.

tysdag 21. februar 2012



livet på kunst og handverk

måndag 13. februar 2012

kvardagsbra 1

denne gamle mannen med ipod og koss-headset som høyrer på marlene dietrich slik at heile bussen får ta del i det. hjarte.

søndag 5. februar 2012



she's a lumber jack and she's ok!

fredag 3. februar 2012

hei. dette er ein stad eg ikkje er så mykje lenger, visst.

i natt kom den fyrste skikkelige snøen sidan i fjor vinter. og i dag såg eg den fyrste brøytebilen i granbakken. ever (dvs så lenge eg har budd her)! tidlegare vintrar har bergen løyst snø"problematikken" med salt. salt overalt, salt på fortau, salt på 15 cm snø, salt på isete trapper og salt i grauten. salt der, altså. salt. men i dag; brøytebil! eg trur eg dånar.

no har eg vaska badet askepott-style (på kne med skrubb i hand), drukke 4 koppar kaffi (røyk på ein koffeinfrismell i går, drakk kun ein halv kopp kaffi og gjekk derfor i dvalemodus etter praksis. zzz), og no utforskar eg internettet. joda. forresten så synes eg at vinni sin versjon av sommerfuggel i vinterland var så fin at eg hadde ein liten snufseseanse på badegolvet. true story. trykk her for kjærleik

måndag 5. desember 2011

så. skjeva med leverpostei og snø ute. det er lyst og eg har juice i julekruset eg fekk i fjorårets julekalender. eg prøver å tenke jul jul jul, men det går over til å bli jobb jobb jobb. å seie ja til å jobbe var kanskje litt tøysete gjort.

søndag 27. november 2011


eg og berit e litt uvenner, men det går bra. har jo andre venner trossalt :)

tysdag 22. november 2011

okei. så me skiftar ut cellene i kroppen heile tida, sant? så. er det noko igjen av den eg var då eg var nyfødt, eller er eg ein heilt ny versjon? google svarar meg ikkje og eg blir sprø!