I grunn litt flaut å legge ut desse bileta, for eg brukar aldri å ta så dårlege bilete av så flotte Bittasokkar! Bileta måtte takast fort og gale på kvelden før dei skulle giast vekk og dette var dessverre på vinteren med dårleg ver.
Paret til venstre er Bure og er strikka i dobbel fabel på pinnenr 3mm. Dei er strikka i str 42 og det gjekk med 182 gram. Meir nøyaktig info finn du her.
Paret til venstre er Bure og er strikka i dobbel fabel på pinnenr 3mm. Dei er strikka i str 42 og det gjekk med 182 gram. Meir nøyaktig info finn du her.
Paret til høgre er Styrbord og Babord. Dei er strikka i pt5 sport på pinnenr 3mm. Dei er strikka i str 46 og det gjekk med 150 gram.
Styrbord og babord sokkane var ei Pay It Forward gåve til ein svoger og desse vart strikka før nyttår. Bure var ei bursdagsgåve til ein annan svoger og desse vart strikka i februar.
Bitta designer så utruleg flotte mønster. Eg skulle ønskje det var mange fleire timar i døgeret så eg rakk å strikke alt det flotte ho komponerer.