fredag 27. august 2010

Tova gensar/ Felted sweater

Denne gensaren vart strikka i forsøk på å minke garnlageret. Då eg hadde strikka bolen angra eg litt, for...fargen er jo nydeleg og eg kunne jo heller ha strikka noko til meg sjølv. ;) Men, men... Eg aner ikkje kven som skal få den. Den var opprinneleg strikka i str 12 år, men Finull garnet forstår eg meg ikkje heilt på. I vaskemaskina vår må eg som regel tove ting to gongar først på 40 og så gjerne igjen på 40 eller 60 for at eg skal bli fornøyd. Dette har eg måtta med Tove og med Finull før. Så hadde eg jo det brune garnet i dei teppene som nesten ikkje tova. Denne fargen tova alt for mykje!! Ser nesten ikkje att mønstra slik ein skulle. Så det var litt kjedeleg. Men, men... er vel gjerne str 10 eller 8 no. ;)
Mønster: Frå same heftet som den kjolen med hjarte på
Pinnenr: 4,5 og 5mm
Garn: Rauma Finull
Mengde: 350gram

torsdag 26. august 2010

Sjal/ A shawl

Bileta vert ikkje så fine når ein må ta dei inne som når ein kan ta dei ute. Trur eg må prøve å få tatt nokre nye bilete i løpet av helga. ;) Nok eit 198 yds of Heaven. Her strikka eg akkurat slik det stod i oppskrifta, på dei andre har eg strikka ein ekstra med chart 1. Dette vart veldig kort, så eg kjem nok ikkje til å strikke fleire i den lengden. Jobbar meg fortsatt gjennom garnlageret,- derfor mykje petrol no. :-) Held på med Petrol i Kitten Mohair. Har ca 27 gram igjen av den mørkaste, så får eg sjå kva eg skal bruke den til. Nokre forslag?
Mønster: 198yds of Heaven (sjå link ved dei andre innlegga)
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 5mm
Mengde: 43gram
______________________________
Another 198 yds of Heaven. On this one I followed the pattern and didn't knit chart 1 once more. I think it is too short. I am working my way through my stash, and as you can see right now I am on Petrol from Sandnes Garn Kitten Mohair. :) I have got 27 grams left of the darkest one. Any ideas what I should knit or crochet from it?

onsdag 25. august 2010

Fleire vottar/ More mittens

Nok eit par med Bella's mittens. Desse er strikka i to ulike trådar med petrolfarge, rett og slett fordi eg var usikker på om eg hadde nok av den mørke til å strikke dei i kun den mørke petrolfargen. Dei havnar i gåvekassen min dei og. Trur eg snart må skrive ei liste over kva folk skal få til jul. :) Utruleg kjedeleg å ta bilete inne, men det regnar ganske mykje ute, så dei bileta vert nok ikkje så mykje betre.
Mønster: Bella's mittens (sjå link i dei andre innlegga)
Garn: Dobbel tråd Kitten Mohair
Pinnenr: 5mm
Mengde: 72 gram
_________________________________
Another pair of Bella's mittens. I love this pattern. :) This pair of Bella's will end up in my gift box.

tirsdag 24. august 2010

Fiona

Det er lenge sidan eg har kjøpt denne oppskrifta, men først no at eg har strikka den. Den er strikka i ein petrolfarge med mørkerosa striper. Synes den vart ganske fin, og kjem nok til å strikke fleire like. Endra litt på mønsteret for å gjere det litt enklare. Beklager dårleg bilete, men det regnar ute og ikkje det beste lyset ute no på morgonen heller. Eg skal sjå om eg ikkje kan få tatt nokre nye i ettermiddag. :) Den er strikka i str 1 år.
Mønster: Fiona
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Mengde: 79 gram
______________________________
My first Fiona, but not my last one... :)

tirsdag 17. august 2010

Bella's vottar og geitramssaft/ Bella's mittens and Fireweed lemonade

For ei stund sidan hadde Beate laga geitramssaft, ho la ut oppskrifta i bloggen sin,- så...då måtte eg prøve. Safta er kjempegod!! Smakar litt solbærsaftaktig. Så min kjære mann og eg har allerede bestemt oss for at det må garantert plukkast meir geitrams og lage meir saft. Takk for at du la ut oppskrifta, Beate!!
Eg har strikka eit par til med Bella's mittens. Synes dette mønsteret er kjempeflott så det blir garantert fleire. Neste par er alt på pinnane. ;)
Mønster: Bella's mittens
Garn: Kitten Mohair, dobbel tråd.
Pinnenr: 5mm
Mengde: 70gram
____________________________
A while ago Beate had made Fireweed lemonade and had the recipe in her blog, so...I had to try it. The lemonade is so good!! My husband and I have already decided that we have to pick more Fireweed flowers and make more lemonade.
I have also knitted another pair of Bella's mittens. I love this pattern, and has already started on another pair.

mandag 16. august 2010

Haruni

Mitt første Haruni,- og det vert nok fleire. Ganske lange omgangar under siste delen med over 500 masker, men det var jammen meg verdt det når det vart slik. :)
Mønster: Haruni
Garn: Kid Mohair laga for Knapphuset, lyseblå, eller lys turkis
Pinnenr: 3,5mm
Mengde: 68gram
___________________________________
My first Haruni,- and I am in love!!

søndag 15. august 2010

198 yds of Heaven

Dette strikka eg forrige laurdag til svigerinna mi som hadde bursdag på fredag. Veldig greie å strikke desse sjala, men ein vert fort litt lei dei og. :) Litt lite utfordringar på dei. Ha ein god søndag alle saman!!
Mønster: 198 yds of Heaven
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 6mm
Mengde: 79 gram
______________________________
I have knitted another of Christy Verity's 198 yds of Heaven. I like this pattern because it is a quick knitting, but I guess you can also get tired of it, because it is not much of a challenge. ;) This was a present for a sister-in-law on her Birthday this Friday. I knitted this shawl last Saturday. Have a nice Sunday!

lørdag 14. august 2010

Pulsvarmarar og litt shopping/ Wristwarmers and some shopping


Då er eg omsider tilbake. Takk til alle som stikk innom og skriv slike koselege kommentarar. Det er så kjekt! I dag skal eg ta meg ein tur innom til alle dåke og ta meg ein ordentleg bloggrunde.
Dei grå pulsvarmarane har eg kjøpt av Felisi, og i lag med pulsvarmarane kom og oppskrifta. Den er forøvrig lagt ut i bloggen hennar og. Tusen takk Felisi! Dei er nydelege. Litt endringar hadde ho gjort og det har eg og. Kjempeflotte!! Dei lilla har eg strikka. Eg hadde ein liten rest igjen som eg håpa skulle halde til eit par til, så eg reduserte litt på talet på repeterte rapportar på den nedste delen, men....det gjekk ikkje. Kitten Mohair er ikkje det mest festlige garnet å rekke opp att, så dei ligg her, så kanskje eg kan finne ein anna farge som den øvste delen kan strikkast i.
I går var me i eit koseleg bursdagsselskap til ei svigerinne. Delar av gåva hennar var desse pulsvarmarane. Resten av gåva skal eg prøve å få lagt ut i kveld.
Mønster: Felisi
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 3mm
Mengde: 19 gram i dei ferdige:)
Denne nydelege strikketøymappa har eg og kjøpt av Felisi. Gler meg til å ta denne med meg når eg skal ut og reise og i besøk, i stadenfor å ha med meg posen min. :) Eg anbefaler deg å ta ein tur innom bloggen hennar å sjå alt det flotte ho lagar! ________________________________
I have knitted the purple wristwarmers after I recieved the grey ones and the pattern from Felisi. They are beutiful so I am definetly going to knit more of these.

fredag 6. august 2010

Bella's vottar/ Bella's mittens

Desse har eg aldri strikka før, men dei var kjappe å strikke, varme og gode. Langt skaft på dei, som gjer at dei varmar godt til vinteren. Eg kjem garantert til å strikke fleire av dei. I går hadde eg besøk av ei veninne, som allereie har putta dei på ønskelista si til jul. ;)
Mønster: Bella's mittens
Pinnenr: 5mm
Garn: Kitten Mohair, 4825
Mengde: 73 gram
______________________________
My first Bella's mittens,- and I am in love!!

onsdag 4. august 2010

Badedamer på veggen/ More bathing ladies

Då går det unna. Deilig med avspasering. Dagen starta ganske trått i dag, men begynte på desse badedamene, som skal henge på veggen, i går, så fekk gjort siste finishen i løpet av dagen. Det skal eigentleg vere tre damer på rad og rekke på eit slikt veggteppe, men...ettersom badet vårt er ganske lite og me ikkje har dei store veggflatene, så delte eg dei opp. No heng det eine over dei badedamene som du ser i forrige innlegg og den andre heng over do. ;)
Eg har eit slikt sett til, der eg kan lage eit sånt stort veggteppe, men eg veit ikkje om eg gidd. Foreløpig har eg jo ingen plass å henge det heller.
Tok med litt bilete av dei eg laga i går og, rett og slett fordi eg ikkje fann nokon montasje der eg fekk vist heile veggteppa og så er eg jo blitt litt hekta på desse photoscape greiene. :) Er jo ganske kjekt å vise fram bileta på denne måten.
__________________________________
I have made these beautiful ladies for our bathroom walls. ;)

tirsdag 3. august 2010

Badedamer/ Ladies

Endeleg!! Det er minst 2 år sidan eg klipte opp delane til desse, la det vekk og tok det først fram igjen i gårkveld. Synes desse er kjempeartige og dei passar bra inn på badet. Eg avspaserer dei fire første dagane av denne veka, søv mykje og kosar meg elles med handarbeid. Eg har henta fram eit veggbilete med badedamene på og, så får eg sjå om eg får sydd det og. Litt smale veggar på badet vårt, så dei må i såfall delast opp litt med ei badedame på kvar. Ha ei strålande veke alle saman!!
_______________________________
Finally!! It is at least two years since I cut up all the pieces to sew these ladies. I put it away and last evening I finally started to sew them. I love these, and they fit perfectly in our bathroom. Have a wonderful week!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails