fredag 16. desember 2011

JUL 3

 Her i huset er det blitt pynta to juletre til no, det fyrste var eit lite grantre, men grunna ekstrem dryssing måtte det ut. Jula her i huset blir feira i Ålesund så noko stort jule tre blir det derfor ikkje. Mora i huset tok derfor inn eit litt alternativt tre, eller busk som ein "overbegeistra" mann kalla det.








 Treet blei pynta med fuglar, litt kuler, lys og heimelaga pynt. Eg digge det!

 Kva syns du?


Ha ein fin kveld, og HEIA NORGE!

mandag 12. desember 2011

JUL 2

 Til ære for tanter og onkler som bur i aust og vest...
 Her er og nokre bilete av årets adventstake, enkel og grei, eit tinn fat frå gjenbruk til 20 kr, og kongler og tovakuler, som nærast er gratis.


 Gamle og tomme syltetøyglas blir nye fine lykter med hekla eller stikka "trekk" av ulike typar garn. Lysar fint opp ein desember kveld.


Sidan i går har det vore innom over 130 personar her,
kjenner eg blir meget "forveten" på kven dette er, legg igjen eit hei då vell!
God kveld i stova!

søndag 11. desember 2011

JUL

 Då var det på tide med ei oppdatering her inne, tenker at eg får prøva meg på litt ekstra blogging no i desember. Har blitt lite blogging dei siste åra, og om det forset slik blir nok heile bloggen historie. No kjem nokre glimt frå ei jule pynta stove.
 Nylaga "lys pynt", kjem ikkje på kva det eigentleg heiter.

 Eit hjarta på spegelen, og sjølv  laga.
 Så den fine krybba, midtpunktet i stova nå, gutane er opptatt av krybba, og har ei eiga som dei får leika med.

 Ei mor som ser på den nyfødte sonen sin, full av undring og kjærleik!?

Til slutt ein nydeleg julesang eg har sunge på i det siste: 

Takk at du kom

Tekst & melodi: Thea Lund Brekkå
© Regnbuelandet
Refreng:
Takk at du kom, takk at du kom.
Jesus Kristus,
takk at du kom.
Takk at du kom, takk at du kom.
Ein stor Gud som blei liten,
takk at du kom.

Du er lyset i vårt mørke,
livets vatn i vår tørke,
verdens beste gode nyhet:
Jesus kom og gav oss frihet!

Refreng:
Takk at du kom, takk at du kom.
Ein stor Gud som blei liten,
takk at du kom.
Du er lyset i vårt mørke…

Refreng:
Takk at du kom, takk at du kom.
Ein stor Gud som blei liten,
takk at du kom.

Bru:
Nå har me lyst å feira,
takka deg og jubla!
Nå har me lyst å ropa:
DU ER VÅR VENN!
Velkommen til vår verden.
Velkommen inn i mitt liv.
Velkommen til å bu i hjarta mitt.

Ha ein fin sundagskveld, og HEIA Norge!

søndag 21. august 2011

Ein sommar er over?

Sommarferien er i alle fall over, me har hatt ein fin sommar, med husovertaking, mor sine siste eksamenar, oppussing, ferie på sunnmøre og i Lyngdal, og kjekke besøk. No er kvadagen igang igjen, og gutane våre er godt nøgde med å byrja i barnehagen. Mor i huset er snart i gang med ny jobb, skal berre ha ein praksis på 3 veker fyrst. Litt bilete frå sommaren, så skal eg prøve å få lagt ut litt bilete av den nye heimen etterkvar!








Plutseleg er eg tilbake, om nokre dagar, eller kanskje i Desember! Ha ei fin veke!

tirsdag 26. april 2011

Jula varer heilt til påske?

Sjølv om det kanskje kan virka slik, har ikkje jula vara til påske i denne familien. Tvert om så blei jula rydda vekk, og heimen vår i Skytterveien 27, blei i Januar gjort klar for fotografering og visning, og seld kort tid etter. Mora i huset hadde så tri veker med praksis, før me gjorde oss til gjeldslavar igjen, og kjøpte oss hus i Støuperi vegen på Nærbø. Mars månad blei bestod så av å pakka ned alt av nyttige og unyttige ting me hadde samla oss opp i løpet av 6 år i Bergen. I slutten av Mars vinka me så farvell til vår kjære heim og vener i Bergen.

Nett no bur me hjå "ågemor" på Bryne, i ein liten kjellarleilighet, før me startar oppussing og innflytting av vår nye heim i byrjinga av Juni, noko me gler oss stort til. Før den tid gler me oss til å feira 3 års dag, og mora i huset er klar for å bli ferdig med sine to siste eksamener.

Me har hatt ein fin påske saman med familie på Evje og Nærbø, og to kjærastar frå Lyngdal fekk me og møta.

 Andreas veks og snakkar i veg, han har lagt på seg snart 3 kg. sidan han fekk diagnosen cøliaki, og er ein frisk og rask gut. Han synes det er kjekt å bu på "Byne", men savar beste Siverten i Bergen (noko me andre og gjer).
 
Thomasen vår veks og, han seier fint lite, men klarer godt å uttrykja seg ved hjelp av lydar og tonefall.
Tilslutt eit bilde av ho som skal ha æra for denne litle oppdateringa kom, og hennar kjære.

Vil ynskja alle som les (om det forsatt er nokon) ein fin vår!

mandag 13. desember 2010

Jul og sånnt...


Her i heimen går nå dagene, det skjer ikkje så mykje nytt, men me har mykje å henga fingrane i. Andreasen vår har fått cøliaki, så nå jobber me å finna julekaker og div. andre oppskrivter utan gluten, egg, melk, og soya, ein liten utfordring, men det går greit og guten har det fint, det er det viktigaste! Her pynter han pepperkaker saman med pappa, Thomas må berre væra tilskuar.



Dagane går i å aktivisere å underholde to travle guttar som liker å sloss med kvarandre, og pappa. I tillegg så PRØVER eg å lese litt til eksamen, å skrive div. oppg.



Det er deiligt med adventstid, me gler oss til jul, og feri alle saman. Andreas og Thomas får ein liten pakke kvar, anna kvar dag i ventetida, når me opnar dei syng me ein liten sang i lag og koser oss litt...(fekk den ideen frå denne koselige Ingvild) Ein dag fekk Andreas maleskrin, så no prøver han seg som kunstnar...


Har og fått pynta litt til jul, syns det er kjekkar å lesa til eksamen med levande blomar rundt seg.

 

Andreas forstår ikkje så mykje av alt pakke styr og stell, men det viktigaste har han forstått litt av. Eg spurte han ein dag: "kor e d Jesus bur andreas?" 
" der borte mamma(peika på krybba), og i erta (hjerta) mitt"


Ha ei fin advendstid, og nyt denne tida! Tenk at me skal få lov å feira at Jesus kom til jorda for oss!

"Takk at du kom, takk at du kom,
ein STOR Gud som blei liten, 
takk at DU kom!"