fredag 30. november 2012

Multnomah

Strikka for ei stund sidan mitt fyrste sjal. Mønsteret eg brukte er Multnomah, og eg strikka med garnet Bugga. Det var også fyrste gongen eg strikka av dette garnet, og likte det veldig godt. Veldig godt og mjukt. Sjalet er ikkje stort, men passar akkurat som eit skjerf rundt halsen.


Photobucket

onsdag 28. november 2012

Torpavottar igjen.

I oktober strikka eg eit par torpavottar til. Strikka denne gongen etter oppskrifta som står i Vottekalenderen.
Endringar: strikka 15 rapportar totalt (ikkje 20 som det står). Til slutt strikka eg to og to saman før eg drog gjennom tråden.
Brukte totalt 148 gram (inkl napping).

Garnet er Istra Kamgarn, og eg brukte p nr . 3

Torpavotter

tirsdag 13. november 2012

Blå og kvite vottar.

Har strikka eit par vottar frå eit pt-hefte. Heftet heiter Pt-design nr.82. Strikka herrestørrelsen, men synes dei vart litt små, dei passar perfekt til mine hender. Dei kan kanskje passe ein mann med små hender.
Garn: pt 5 sport
Pinner: 3 og 3,5