lørdag 4. mai 2013

Selbuvottar

Eg byrja strikke på desse vottane i august i fjor. Men så tykte eg dei vart så store, også vart dei berre liggjande der,- med berre ein tommel som mangla. I går tok eg dei fram at og strikka ferdig den siste totten. Så kasta eg dei inn i vaskemaskina og vaska dei ca ein time på 40 grader. Da hadde dei krympe litt, og vorte gode og mjuke. Så no skal eg gje dei i gave til svigerfar som blir 70 år neste veke. Oppskrifta er frå bladet Selbustrikk frå Rauma. Dei er strikka av finull på p 2,5.



mandag 25. februar 2013

Sjøvottar til meg sjølv.

Har strikka eit par sjøvottar til meg sjølv også. Dei er kjempegode! Dei er strikka av vamsegarn på pinne nr 6. Endeleg har eg byrja å vorte fortruleg med å tove med maskina mi, har ikkje fått det så bra til før, men no har eg prøvd meg fram noko så desse vart perfekte.


 photo sjoslashvottar-dame_zps55f0f28c.jpg

fredag 22. februar 2013

Sjøvottar

Mannen trengte nye tovavottar, så da strikka eg eit par sjøvottar til han. Gode vottar dette! Mønsteret finn du her. Eg brukte Vamsegarn til desse (2 nøster). Strikka på p 6.


Brune sj photo Sjoslashvotter-brune_zpse624cf47.jpg

Ammeinnlegg.

Har strikka eit par ammeinnlegg til ei som nettopp har fått baby.

Ammeinnlegg photo Ammeinnlegg_zps3eb3cdcf.jpg
Garn: 26 gram leine merino
Pinner: 2,5

onsdag 6. februar 2013

Babysokkar med flette.

Har strikka nok eit par babysokkar. Denne gongen brukte eg ei oppskrift frå Drops. Strikka størrelsen 0-3 mnd. Synes oppskrifta var veldig klønete skreve, måtte lese ho fleire gongar før eg skjønte kva som var meint..

 photo babytoslashflermedflette_zps95ff07f5.jpg
Oppskrift: drops b17-11
Garn: Drops Merino Extra Fine
Pinner: 2,5

torsdag 24. januar 2013

Baby-booties

For eit par veker sidan strikka eg eit par "Stay-on baby booties".
 photo DSCN1439_zpsc567ed7e.jpg
Oppskrift: her
Garn: Sisu
Pinner: 2,5

tirsdag 8. januar 2013

Hals til minstejenta.

Godt nytt år! Dei siste dagane av desember strikka eg ein hals. Oppskrifta heiter OctoCowl, og du finn ho her (ravelry). Garnet eg brukte er Merino Extra Fine.

Photobucket