20. mars 2015

We'll always have Paris

Me nyt livet i Paris! Vår i lufta (har til og med hatt kaffi på utekafé), fine bygninger, nydeleg by. I dag har me feira SuperNils sin bursdag med tur til slottet i Versailles (sjuke greier), skoshopping til meg (knis), middag på HardRock café (ah, turistlivet), og Eifeltårnet by night frå Trocades (kan absolutt anbefalast, lett magisk). 

11. mars 2015

Kvardagslukke

Sol og blå himmel har ikkje vore kvardagskost dei siste vekene i Bergen. Så å vakne opp til den nydelege dagen var ikkje anna enn himmelsk. I går vakna me opp til lett flaum i gardsrommet. Einaste minuset med ein sånn fin vårdag er at eg ser at vindaugo skulle hatt seg ein skikkelig vask... Det får me ta ein dag utan sol.

10. mars 2015

Sidan sist på kamerarullen




1. Regntung dag i Bergen set sitt preg på Universitetet. 2. Donna er mildt sagt lykkeleg i møte med skikkeleg sandstrand for fyrste gong. 3. Nygammal stovebord frå NLM gjenbruk på plass. Hurra! 4. Bingo på bedehuset på ein fredagskveld - suksess.  5. Fyrste luftetur med selfiestong. 6. Heimelaga müsli på krukke. 7. Ny aktivetet på tur: prøve å kikke over murar... 8. Heimelaga makroner med sitronsmak på ein vanleg fredag.

26. februar 2015

Pust i bakken

Regn ute, roleg inne. I helga krysser me fingrar for fint vêr og godt føre - målet er at dei nye langrennskia skal til pers. Eller så skal me til pers på nye langrensski. Uansett kven som skal til pers (for eit rart uttrykk, forresten), så håper me på gode løypeforhold. Tjohei!

13. februar 2015

Heimehelg

Endeleg fredag, baby! Me skal ha ei ganske så roleg helg heime. I kveld skal me på møte med Mike Pivalachi (som eg høyrte tale på Impuls for sånn 12 år sidan - og no følte eg meg skikkeleg gammal), og søndag er det føremiddagsmøte med SuperNils på tangentar. Elles skal me fortsetje å bore hol i murveggen vår slik at me kan få opp bokhyllene. 14 hol unnagjort, så brakk boret. No har me kjøpt nytt murbor og har 16 hol igjen. Pluss to til eit bilete over sofaen. Det er andre gong me lagar alle desse hola på under eit år, øving gjer meister håper eg. Og håper i same stund at me slepp å bore 32 hol i stoveveggen neste vår óg. Førebels er det veldig lite som har kome opp på dei nye og fine kvite veggane våre, men i går tok eg eit dykk i kortkorga mi og slo meg laus med litt lærartyggi på garderobeskåpet. Litt mindre skummelt (og varig) med kitt, enn med drill og bor. Knis. Ellers håpar me på godt turvêr i helga, så får Donna snuse litt på våren nå som snøen snart er vekke. I dag oppdaga eg ei snøklokke i det eine blomsterbedet vårt. Hurra!


12. februar 2015

Gullkupp


Det var ein særs regntung laurdag hausten 2014. Me budde i den mykje omtalte mellombelse leiligheta, og kjende verkeleg behovet for å lufte oss. Valet falt på bruktbutikken på Haukeland (etter at underteikna gav SuperNils eit fiiiint smil), og som tenkt så gjort. Me sprang gjennom regnbygene for å kikke på gamle og rare ting.

Nokon seier at det skjer når ein minst venter det. Og slik var det denne laurdagen, der midt i mellom alt anna stod den plutseleg! Lampen som eg har leita etter i lang, lang tid. Ikkje visste eg heilt korleis den kom til å sjå ut, men når eg såg den var eg ikkje i tvil. I all si gullprakt hadde verken eg eller lampen valet - den måtte verte med heim. For ein knapp hundrings vart den min (og SuperNils sin, då).  

Den har sidan den våte haustlaurdagen stått på ventelista mi, og i dag fekk eg endeleg somla meg til å byrje ein liten makeover. Hurra! Få ting er så deilig som å sjå sprayboksa gjere litt magi. Det gjenstår noko arbeid før den skal få skine sine vakre stråler i stova, så eg reknar med at eg kan seie: fortsetjing følgjer.

Bilete øvst er dokumentasjon frå kuppdagen.
Bilete under er work in progress i uteboda.

3. februar 2015

Heim, kjære heim

For tri veker sidan var endeleg alle husnøklane kun våre igjen - hurra! Vel heime var det litt av kvart som ikkje var heilt ferdig eller som mangla, men snart er alt på plass. No er berre spørsmålet om eg tør henge opp bileter på dei nye, fine kvite gipsveggane... Skumle greier. Heldigvis har me jo "prøvebudd" her frå mars-juli i fjor, så har i alle fall ein liten idé om kor me vil at kva skal henga. ;) Donna trives og, for dei som måtte lure på det. Halen går som ein propell når me er ute på tur og treffer naboar, og naboane dei koser, klapper og prater med babystemme til ho. Eit skikkeleg fint hundeliv. Og verre vert det ikkje av strålande sol og snø på Garnes for tida! 

3. januar 2015

Eit godt eit


2015. Tjuefemten. Totusenogfemten. Du og du, som tida går! Me feira oss inn i det nye året med pizza frå Garnes restaurant, ei ganske grei romantisk komedie, og god utsikt til fyrverkeri og smell frå altanen. Ei ganske så fin nyårsaftan syns eg! Fyrste dagen i det nye året gjekk med til ein veldig fin barnedåp (stolt fadder!) for min del, og legevaktbesøk som førte til ymse antibiotika og andre sterke medikament for SuperNils sin del. 

2015 ser ut til å verte eit bra år. Det ser ut som mykje spennande ligg føre oss i året som kjem, men i skrivande stund ser me mest fram til å få flytta oss og kassene våre inn i Fagerhaug igjen. Etter planen skal me og dei tinga me har her i leiligheten flyttast neste fredag, og så skal alt som står på lageret kome over helga. Så vert det vel pappkasser i lange baner og store hauger - til Donna si store glede. Ho liker nemleg veldig godt å tygge på papp... Nam, nam.

Med denne litle oppdateringa (avhandlinga) ønskjer eg deg eit velsigna godt nytt år!