søndag 13. oktober 2024

Bilder frå septembermøtet

 Første møte etter ferien, mykje fint å sjå! Først ein serie med vesker etter modell Wallenborg. Nokre av oss sydde denne modellen då vi hadde syhelg i Vedvik nyleg.




Så litt fleire vesker...









Amishinspirerte fargar og teknikk

Og det dukkar opp stadig nye, flotte tepper i ulike teknikkar....














Løparar, brikker og småting syr vi også mykje av!








.................og ja,.....vi kan sy litt av kvart!!! ;)







Sjølvsagt så kosar vi oss med god mat i pausen, god prat, problemløysing og godt sosialt samvær for alle tilreisande frå nær og fjern!!













tirsdag 1. oktober 2024

Velkommen til møte!

 1. oktober og det er tid for å møtast att!

Denne gongen har vi langdag, det vil seie at dørene opnar ca kl 12 og den som vil, kjem for å sy i lag med andre.

Torunn vil vise papirsaum kl 14 og elles seinare om nokon ynskjer det.  Dei som ynskjer å prøve seg på "båtblokkene" som vi hadde i Vedvik, tek med seg diverse stoff som kan passe til det. Mønsteret er lagt ut på medlemssida og er på A4-ark, så ta ein kikk der.



Ta med eiga niste, te og kaffi lagar vi til.

Vanleg klubbmøte har vi 18.30-21.30.

Ei av "sakene" er å vise fram og fortelje om "Round Robin" som vi hadde i lag med ei gruppe i USA for ein del år sidan. Seinare hadde fleire av medlemmene våre eit eige opplegg med "Round Robin", så vi oppfordrar om å ta med det som er sydd i den samanhengen.

Elles vert det vanleg møtekveld med Vis og fortel, ein kaffipause og lotteri.

Matvertar: 1. oktober kl 18.30 Matvertar: Elna Aa. Olsen (leiar), Eli Kriken, Haldis L. Nesbakk, Anne Marit Starheim


mandag 2. september 2024

Velkommen til haustens første møte!

 I morgon tysdag 3.9 inviterer vi til klubbmøte på Stokkenes Gjestegard kl 18.30. Det skal bli kjekt å møtast att etter sommarferien og dele idear og inspirasjon!


No er vi klare for å sy meir!

Bildet er frå utsikten vi hadde sist helg då vi hadde syhelg i Vedvik.


Plan for kvelden er:

  • Velkommen og litt info om hausten ved leiar
  • Litt info frå den kjekke syhelga vi har hatt i Vedvik
  • ETUI,...vi oppmodar alle om å ta med  idear/modellar til små og lettsydde etui, posar ol, slike til å ha småting i. Ta gjerne med mønster , og gjerne berre bilder av etui til inspirasjon.
  • Vis og fortel
  • Kaffipause
Matvertar: Gitte Lefdal (leiar), Hilde Os, Inger Lise Strand, Aud Torheim

Velkommen til alle, om nokon har lyst til å bli med oss i klubben, så er det berre å møte opp for å sjå korleis vi har det i lag!

lørdag 10. august 2024

Lage skråband!

 Måtte berre legge inn att dette tipset om å lage skråband av eit kvadrat!

Hvordan lage skråbånd - How to make bias tape (youtube.com)

Av 1 kvadrat på 50x50 cm laga eg skråband med bredde 1,5 inch, det vart 6 meter!! Brukte skråbandbretter nr 18 til å stryke med.








torsdag 13. juni 2024

Bilder frå tur til Syvde!

 Søndag 9.6 reiste rundt 25 medlemmer på tur til Syvde. Dette var egentlig tenkt som blåtur, men av erfaring er det lurt å fortelje kvar vi skal og så får det "blå" heller være dei opplevingane ein får når ein er framme.

Første mål var besøk hos to av medlemmane våre som bur i Syvde; Randi og Solfrid. Her viste dei fram quilting dei har laga over fleire år, i tillegg viste Randi fram betongkunst i hagen, dette er noko som ho driv med innimellom all quiltinga. Besøk hos ei som driv med skinn vart det også tid til.


















Siste del av turen gjekk til Almklovdalen på Åheim der det vart både kaker og kaffi, spekemat med meir. Ei flott avslutning på denne quiltesesongen!
















Takk til arrangørane av turen, de gav medlemmane våre inspirasjon og nye opplevingar i nærområdet!