Jan Mayen er ein viktig hekkeplass for fleire sjøfuglar. Dei siste åra har Norsk Polarinstitutt forska på nokre av artane som held til på øya. I to dagar har eg vore med Erlend og Ola ut i felt og fått både ny kunnskap og flotte fotomuligheter.
Mandag var vi på Branderpynten der måkereir vart registert og antall egg og måkar telt. På Branderpynten held og lundefuglen til, så eg fekk nokre flotte timar på kanten av brinken med supre forhold for fluktfotografering.
Lunden er ein middels stor alkefugl som er lett gjenkjennelig med sitt fargerike nebb. Den er og den einaste alkefuglen som er svart på undersida av vingane.
Eg nytta Canon 5D mark III og 300 mm. Telekonverteren min (1,4) var med og tidvis brukt, men fuglane kom tett på, så den var for det meste overflødig.
Viser innlegg med etiketten Lunde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lunde. Vis alle innlegg
onsdag, juni 19, 2013
tirsdag, juni 21, 2011
Runde
18. -19. juni dro Førde Fotoklubb på tur til Runde. Lundeura var første fotomål på turen, og på vegen opp i ura fekk vi sjå mykje Storjo. Vi var framme ved ura i sju tida på laurdagskvelden, då var aktiviteten blant fuglane liten. Men det tok ikkje lang tid før det kom både fleire folk og fugl. Utpå kvelden var det mykje fugleliv.
Lunden er ein alkefugl. Den hekkar fleire stadar i koloniar langs norskekysten, fuglefjellet på Runde er ein av landest største koloniar. Bestanden har hatt ein markant tilbakegang dei siste åra og fuglen er raudelista. I 2007 var det eit dårleg år for Lunden, det var for lite mattilgang og fuglane avbraut hekkinga ved å forlate reiret.
Fuglane hekkar tett opp til stien i Lundeura. Ein skal difor her, som over alt på øya, halde seg til stien slik at fuglane ikkje vert forstyrra i hekkinga. Dersom ein sit ved tausperringane i ura, er det ikkje uvanleg at ein kjem så tett på som tre meter frå fuglane utpå kvelden.
Lunden var observert med tobis for tre veker sidan. Fuglane kjem flyande inn med tobis etter at egga er klekte for å mate ungane. Medan vi var i Lundeura såg vi ein fugl med tobis.
Vi fekk opphald på turen, med tåke som kom og for. Nærare midnatt var det mykje aktivitet i ura, og tåka låg tjukk.
På sundag vart det båttur rundt øya med båten Aquila. Då fekk vi sjå Lunde, Alke, Teist, Ørn, Krykkje, Havsule, Havhest og skarv. Med båt kjem ein tett under fuglefjella, og dette er ei flott oppleving. Nokre stadar kan ein køyre inn i grotter i fjellet. Også inne i grottene hekkar det fuglar.
Krykkjeunge i fuglefjellet på Runde. Stor kontrast til hendingane i Ålesund: http://www.smp.no/nyheter/article350822.ece Krykkja har hatt bestandnedgang som dei flest sjølfuglar dei siste åra. I 2007 vart fuglen freda.
Havsulene vart tett på båten.
torsdag, april 30, 2009
Runde
Ein tur til Runde høyrer med på våren. Vérmeldingane såg bra ut, så det var berre å pakke i bilen å reise. Rakk akkurat å setje opp teltet før kveldslyset kom og Lundeura lokka. I fjor var det ein mislykka hekkesesong, men no er dei i gang igjen. Egga er lagt og dei sysla no på med sitt. Så får ein sjå om det er nok Tobis utpå sommaren. Etter klokka ti var det smått med lys og på tide å gå ned att til campingplassen og opne vinflaska. Fleire bilete
Canon EOS 40D, Canon 300mm f2,8 L IS USM. Lukker 1/500, blender 5.0, ISO 800
Abonner på:
Innlegg (Atom)