søndag 14. mars 2010
Årets første loppemarked
I dag har eg vært på årets første loppemarked. Inntektene gikk til Haiti, så det er viktig å støtte opp om dette. Sjølv om eg alltid savner skikkelig gamle ting på loppemarkedene her, så fann eg no litt som fall i smak. Ei lykt, blomsterpotte, nokre "sølv" fat, fløtemugge, lysestaker og flaske til olje og eddik.
Lykta treng kun ein vask, så er den heilt fin. Blomsterpotta trur eg skal få ein omgang med decoupage. Likte formen på den veldig godt.
Lysestakene trur eg blir fine på eg brett, og flaskene skal nok få ein plass på kjøkkenet.
Fatene treng litt pussing, men då håper eg de blir bra.
Og til slutt så kjøpte eg denne hylla her. Den har eg store planer for. Den skal selvfølgelig bli kvit, og så skal den få nye fine knotter. Resultatet skal dåke få sjå seinere. For alt dette betalte eg den nette sum på kr 125,-. Det må en vel sei er billig. Har også kjøpt meg ein gammel vaskekommode i helga. Den skal dåke få sjå litt om seinere.
Ha ein riktig fin søndag!
Helsing Margrethe
fredag 12. mars 2010
Endelig helg igjen.....
Så var det helg igjen, og vi er ei veke nærmere vår. I morgen er det barnegruppe med hobbyaktiviteter i astma- og allergiforeningen. Då skal vi male påskeegg, så karse og lage påske bilder. Alltid like kjekt å sjå kor ivrige ungane blir. Etterpå får alle Peppes pizza, så dagen pleier å bli svært vellykka og ungane er så fornøyde.
Søndag er det loppemarked der inntektene går til Haiti. Der må vi selvfølgelig gå å og sjå om vi finn nokre godbiter. Har også rydda på loft og i kjeller, så litt har vi og å levere inn. Håper eg kan finne ein slik godbit som på bilde. Kassen kjøpte eg på garasjesalg i sommer, og den liker eg så godt.
Ha ei fine helg alle sammen.
Helsing Margrethe
søndag 7. mars 2010
Litt nytt til kjøkkenet
Litt nytt på kjøkkenet har det blitt iløpet av helga. Har sydd ein poseholder til plastposene. Greit å samle dei på ein plass, og så blei det jo litt dekorativt. Har kjøpt meg ein ny fin knagg til å henge den på. Og så måtte eg ha meg nokon nye grytekluter. Alltid kjekt å bytte ut grytekluter etter årstida og humøret synes no eg. Trur dsese blei litt mykje haust, så eg må nok sy et par til som er litt meir vårlege. No er det endelig himmelblå igjen, og det skal vi selvfølgelig sjå.
Ha ein fine kveld.
Helsing Margrethe
Abonner på:
Innlegg (Atom)