tirsdag 15. november 2011

Siste innspurt



Etter ein travel haust med datakræsj og oppussing av nytt syrom, håper eg på å være tilbake med litt blogging. Kom seint i gang, og held no på med siste innspurt til Jul i Rosendal 2011.

Jul i Rosendal skal være helga 2. til 4. desember. Har du ikkje vært med på dette før, anbefaler eg deg å ta turen til Rosendal denne helga.

Du finn meir om dette på:

http://www.julirosendal.no/

Eg kjem til å legge ut bilder i "Lappeributikken" etterkvart som dei er ferdige, slik at dåke kan få sjå kva eg kjem til å ha i bua mi. Klikk på bilde på høgre side i bloggen så kjem du direkte inn i "butikken".

Heldigvis har eg to andre damer med meg i bua, så eg treng ikkje stå for heile produksjonen sjølv.

Håpar du har lyst til å ta turen innom!

Helsing Margrethe

onsdag 10. august 2011

Nytt syrom på gang



Endelig er eg kommet i gang med prosjekt syrom i kjellaren. Eg har hatt "syrom" i mange år, men det har berre vært i ein krok på gjesterommet. Har fungert greitt det, men det hadde jo vært kjekt å ha eit heilt rom for seg sjølv sånn at eg sleppe å rydda kvar gang vi har besøk. Planane har vært der lenge, og no er arbeidet starta. Roterommet i kjellaren skal bli syrom. Veggene er grunna, vindu og dørkarmer er ferdigmalt. No mangler nytt golv og litt maling på veggene.



Har egentlig hatt "sytørke" lenge no, men eg håpar at inspirasjonen kjem tilbake med nytt rom. Kanskje eg får lagt fleire Tilda engler?



Eg satsar på produktivitet når haustmørket set inn, og ein kan sitte inne med god samvittighet. No må eg ut og kjøpe maling til veggene.

Ha ein fine dag!

Helsing Margrethe

fredag 5. august 2011

Prosjekter utenfor

Av ein eller anna merkelig grunn har eg alltid prosjekter på gang. Inne er dei i hopetall, og eg håper å få tatt nokre av dei iløpet av hausten........

Men denne sommaren har vi iallefall fått lagt brustein utenfor huset vårt, og laga ei ny trapp rundt huset. Denne gangen blei innleigd hjelp brukt og alt sto ferdig når vi kom heim frå ferie, genialt. Plutselig hadde vi fått ein heilt ny uteplass å bruke. Forskjellen er enorm. Tidligere var her grus og rot, og nå er alt ryddig og fint!







Slik som prosjekt vanligvis gjer, så blei det kjøp av nye hagemøbler og litt potter og planter......



Fleire enn meg som er glad for plassen......Kan brukes til så mangt.

I dag regner det, så eg får ta fatt på nokre prosjekt inne.....

Ha ein fine dag!

Helsing Margrethe