2011-12-31

GRATULERER

GRATULERER MED DAGEN ASLE!!
ME ØNSKER DEG EIN FLOTT DAG,
OG SUPER FEIRING:)


2011-12-30

LEVITERING OG GENITIV MED FORVIKLINGAR

Romjula er her enno,
men det nye året nærmar seg..
Litt Hildegunn-humor her
på tampen av 2011...
(litt seint å åpne luke 22
no kanskje, men erfaringane
til husmora på sunnmøre
er det alldrig forseint å
ta lærdom av...)
GOD FEIRING til Hildegu`og
Leif Per og alle andre
kvardagsmenneske der ute

2011-12-29

GRATULERER

I dag ropar me høgt hurra for deg Ragnhild!!
Me GRATULERER 
og ønsker deg ein super dag!!
Gled oss til å feira:) 
Kjekt å ha deg heime på dagen din:)



2011-12-24

2011-12-23

23.DESEMBER OG LUKE 23

Dagens luke tek deg med ein tur på loftsstova...
Den flinke gubben gjorde den ferdig til sist jul,
og dette rommet er blitt ein favoritt på hytta.
Eg syns alltid det er gildt å ta med noko nytt
i julepyntinga, og dette året vart det eit pepperkaketre..
Det står i karmen her på loftet.
Lukt av pepperkake og mandarin skapar
 julestemning i dette rommet...

I ettermiddag har me hatt kjempekoseleg
 kaffibesøkav 5 store og 2 små,
så fekk leikeskoffa lufta seg denne jula og:)

No høyrer eg bilen til Asle, då er me samla alle til JUL.
Snart er det nissegraut med mandel (tradisjon på veslejuleafta)
Etterpå er det kvelden før kvelden på tv- eit must!


2011-12-22

22.DESEMBER OG LUKE 22

Her går det i pynting og kos,
mose og greiner fyk lett omkring,
og dei ulike juleelementa finn sine
rette plassar.. Ein ny vri i ny og ne
høyrer også med... Innimellom
kosen må me også ha det litt
GØY, som å ta julebilde av
moppen... For anledninga iført
lånt nissehue frå nissefar...
No er det kaffi i koppen og ein
mandarin - kanskje det må bli ei
kake frå boksa og?

2011-12-21

21. DESEMBER OG LUKE 21


DEN GAMLE NISSEN ER PÅ PLASS
I KRÅSKAPET, EIT SIKKERT JULETEGN..

NETTET ER DÅRLEG,
OGSÅ EIT SIKKERT JULETEGN...
 DERFOR BLIR IKKJE LUKA LENGER IDAG. ..

2011-12-20

20. DESEMBER OG LUKE 20

"Det årner sei"... Mykje er klart til Jul no,

og det som er igjen er slikt som skal gjerast siste dagane...

No er det viktig å pusse støvet av Julesongane

(kjekkare det enn å ordne med støvet som ligg andre stadar...)

Denne vakre salmen, "mitt hjerte alltid vanker",

høyrde til i mi barndomsjul ilag med høgtlesing

av Juleevangeliet.. Gode og fine minne å ta med.

Her er det Oslo Gospel choir som framfører den:

2011-12-19

19.DESEMBER OG LUKE 19

 
Alle fire lysa er tende i adventsstaken, 
og ikveld har treet fått pynta seg, 
stova er JUL.


Etter arbeid var det tid for ein tripp 
på Kvadrat. Kan ikkje anbefale det, 
men me fann det me leita etter,
så då var både Sara og eg nøgde...
Etterpå var det ut å lufta seg til trim og 
prat rundt Kleppeloen, godt med slike turar! 
Me har flotte turområder her på Klepp, 
fint å nyta dei i alle årstider. 
Bilda  er av juletrepynt i dunkelt kveldslys... 







Du grøne, glitrande tre 

Du grøne, glitrande tre, god dag!
Velkomen, du som vi ser så gjerne,
med julelys og med norske flagg
og høgt i toppen den gylne stjerne!
Ja, ho må blenkja så vi må tenkja,
ja, ho må blenkja så vi må tenkja
på Jesus Krist, på Jesus Krist.

Den fyrste jul i eit framandt land
den store stjerna på himlen lyste.
Ho skulle syna for alle mann
den ringe heim som vår Frelsar hyste.
I stjerneglansen gjekk engledansen,
i stjerneglansen gjekk engledansen
om Betlehem, om Betlehem.

Om Jesus-barnet fortalde mor
om kvelden heime, når vi var inne.
Vi veit hans bod og hans milde ord,
og aldri dei skal gå oss or minne.
På han vi tenkjer når stjerna blenkjer,
på han vi tenkjer når stjerna blenkjer
på juletre, på juletre. 
(Omsett av Bernt Th. Anker 1906)

2011-12-18

18.DESEMBER OG LUKE 18

Ikveld har me vore og sunge jula inn. Kjekt å få være
med å synge dei fine julesongane, og kjekt å høyre
flinke artistar som opptrer. Det er mange timar med
øving som skal til for ein slik kveld! Så flott at nokon
brukar adventstida på det og! Forøvrig var huset
stappfult med store og små, nydeleg pynta var det og.
Rett og slett til å kome i rett julemodus av!
No gjeld det berre å halde på den gode julekjensla desse
siste dagane før Julehelga kjem..
Ein av songane me fekk være med på var
"det lyser i stille grender", her er Odd Norstoga sin versjon.
Synst den er fin.


Så må me jo ikkje gløyme å GRATULERE dei fantastiske
handballjentene og trenaren deira! Fantastisk innsats!!

No skal julekorta leggast i konvoluttar... Kjem dei fram til
Jul skal tru?

2011-12-17

17.DESEMBER OG LUKE 17

I har det vore ein sprø adventslaurdag...:
Knekkebrød og krumkaker har komt i kvar
sine boksar, kvar til sitt bruk.


Elles gledar me oss over at Ragnhild
har komt heim til Jul, alltid gildt å være 
samla...Chanti er ikkje minst begeistra!!
Enno ei å få kos med:)
Juletreet er foresten komt på fot,
det ser fint ut.
Fornøgd med gubben dette året og:)  
Nyt adventshelga alle som er innom.
Husk å ha kaffi på kanna, og nyt ei kake frå boksane innimellom gjeremåla!!

Imorgon skal me synge jula inn
på bedehuset, ein fin tradisjon..
Kan anbefalast viss du er i nærleiken..

2011-12-16

16.DESEMBER OG LUKE 16

Så var det fredag igjen,
denne helga må me oppsumere litt..
Kva skal me bruke den siste veka før Jul til.
Kva MÅ gjerast...?
Kva BØR gjerast...?
Kva kan me godt LA VÆRE å gjere...?
Ein ting på MÅ er Juletre.. Faren i huset hadde bestillt
igår kunne han fortelle- mora i huset håpar det ser bra ut.
Det er monge år sidan eg var med på den handelen, det vart
for drygt å køyre rundt på heile Jæren på jakt etter det o`perfekte
treet... No går det ganske raskt, og med litt pynt rundt forbi
vert me ganske fornøgde kvart år...

Til ære for alle pakkedamer og pakkemenner som i desse dagar
arbeider frå tidleg morgen til seine kveld og søndag i tillegg-
her er pakkedamen med Trond Viggo. Eit must i julekalenderen..

2011-12-15

15.DESEMBER OG LUKE 15

  
Idag starta dagen på ungdomsskulen, 
der det var julefrokost for trinnet til
Sara... Veldig kjekt å få være med på!
Ikveld er det årets juleball, og bilda i 
dagens luke handlar sjølvsagt om det!



2011-12-14

14.DESEMBER OG LUKE 14

Amaryllisen som eg kjøpte til advent er no komt ut i blom.
Idag kan eg krysse av pakkesending på lista..
Seks pakkar er sende avgårde 2 dagar før
fristen der  posten garanterer å få dei fram til Jul.
Bra i rute der med andre ord!!



Skal det være ein after eight?
Butikkane bugnar med julegodteri,
men det er litt gøy å lage litt alliavel.
Så viss du kjem innom kan du få smake,
ein nespresso kan det og verte ei råd med

Lykke til me førebuingane
du som er innom.

2011-12-13

13. DESEMBER OG LUKE 13

Luciadagen er snart over før eg åpnar den 13. luka..
Det er slike dagar eg verkeleg sett pris på yrket mitt..
Dagen starta med Lucia frokost, veldig stemningsfullt
med lystog i mørket. Små hender som bar lys og korger
med Lussekattar til stolte morer og farar og besteforeldre.
Etterpå var det seneskifte, og Juleevangeliet var dramatisert.
Nydeleg å være med dei små gjennom markane i Betlehem,
og heilt inn i stallen der det vesle barnet ligg i krybba.
I barnehagen syng me ein flott julesong i vekene før jul,
her er det Bjarte Leithaug som syng den;
"Julestjerne stor og fin...."

2011-12-12

12.DESEMBER OG LUKE 12

Så var Bergens-tur og besøk hos Ragnhild over.
Kjekke helg var det, og Bergen er ein fin juleby
sjølv om regnet ausa ned store delar av helga.
Idag har eg brukt mandagen på Flesland.
Flyet, som skulle lette 11.50, kom av stad 19.50.
Det vart ein annerledes dag, og eg er rimeleg godt
kjendt i dei to-tre butikkane som held til i avgangshallen..
Sara og far henta meg på flyplassen, og Chanti tok imot heime.
Her hadde kakeboksane fylt seg, og vindua blitt reine
medan eg var på tur. Veldig kjekt!!

Måtte berre ta med "ein Hildegunn" idag. Ho fortel om
dottera Brit Bente som er student i Oslo.....Harde tider....
God mandagskveld til deg som er innom!

2011-12-11

11. DESEMBER OG LUKE 11

Idag har me hatt ein våt, men flott dag, her i Bergen.
Dagen vart avslutta med ein fantastisk flott 
julekonsert i Johanneskirken med Gospel Bergen.
Veret toppa seg i lyn og torden på veg heim,
men me var heldige og kom inn før verste bygene kom.
Ingen bilde idag, det får bli imorgon, no er det snart natta.
Imorgon er det atter ein dag, og det krev sine timar på
puta for å stå i desse gilde førjulsdagane. 
GONATT:)


2011-12-10

10.DESEMBER OG LUKE 10

I dag vert luka åpna i Bergen..
Ragnhild og eg har nytt dagen med 
julestemning i sentrum...
Ikkje så mykje handling, 
men eit par kafebesøk og ein tur i 
Pepperkakebyen vart det.. 
Fantastisk flott og stemningsfullt..
Ganske deilig å ikkje ha noko ein
MÅ handle når det er så mykje folk i
butikkane...  Bilde under har eg lånt
av Ragnhild...

 


2011-12-09

9. DESEMBER OG LUKE 9





- Ei av dei mange julekrybbene som har
samla seg i løpet av åra som har gått-

Idag skal eg på tur. No sitt eg og høyrer
på blåsten og regnet, framleis er det mørkt
ute.. Håpar flya er i rute!
God fredag til deg som er innom her idag.