KJEKT å starte siste dagen i året med VEKKING, sang, flagg , gåver, lys(sjølv om det vart litt ekstra action denne gongen.....)Ha ein super dag:)
2008-12-31
2008-12-29
RAGNHILD 21 ÅR:) GRATULERER!!!
Kjekt å ha romjulsbarn som er heime på fødselsdagen, så kan me tradisjonen tru kome med lys, gåver og flagg og godmorgen og hurra og gratulerer med dagen:)
2008-12-28
2008-12-15
SÅ VAR 3.SØNDAG I ADVENT GÅTT..
Har jobba ekstra denne helga, får desto lenger fri i romjula, så det er berre fint. Elles har dagane gått avgårde med førjulsbesøk av Ragnhild fram til laurdag, og besøk av tastagjengen igår. For Asle var høgdepunktet sesongåpning i Ålsheia:)
Idag er det siste runde på postkontoret for at alle skal få pakkane fram i tide. Me har post i butikk , så eg kan jo vente heilt til kl 22:) , men skal ikkje nytte meg av det.. Tida går fort no, men det er berre kjekt, me gled oss til Jul og fridagar. Kakene er så godt som i boks, og gåvene stort sett handla inn. Litt oppsumering mot slutten, men det er og slikt som høyre med.. I desse oppussingstider er skumringa og stearinlysa våre beste venner.. Dei tar med seg støvet som ligg rundt forbi, og gjer det så triveleg i heimen.. Så vert det jo kjekt når me får fine trapp og golvet er på plass.. litt no og litt då blir det bra til slutt:)
Og Jul vert det alltid når denne engelen kjem
opp i kruna på hyttejuletreet vårt:
2008-12-13
LUCIADAGEN
2008-12-11
MOR I HUSET SIN FAVORITTJULESONG...
DET LYSER I STILLE GRENDER..
Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld.
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.
Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.
Den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt
om barnet, Guds son, vår sonar
som døden for evig batt.
Tekst: Jakob Sande
Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld.
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.
Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.
Den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt
om barnet, Guds son, vår sonar
som døden for evig batt.
Tekst: Jakob Sande
Denne flotte julekrybba kan opplevast på Sand i Suldal..
"ingen Jul uten.."
2008-12-08
2008-12-02
EIN KVARDAG I DESEMBER
Etter 30 timars arbeidshelg, og maraton styremøte igårkveld, var denne dagen som skapt for ein tur ut i det fri! At det var kaldt og vindstilt og sol og blå himmel, gjorde det berre bedre.. Turen gjekk til Klepp, og beine vegen til garnbutikken, det er smånissar i slekta som må ha blåhuer og blåjumprar.. Tante synst det er minst like kjekt, og kosar seg med strikketøyet. Så gjekk turen til biblioteket, først ei lita lesestund i sofakroken, og så litt låning.. Dagens fangst var ei bok og ein cd.
Bok:"Ein stad å møtast" av Reidun Elise Foldøy.. (spennande å sjå kva den inneheld..)
CD:"Julen er for alle" av Sølvguttene med tekstlesing av Karsten Isachsen (kan anbefalast)..
Etter denne fredastunda var eg innom Jærhagen, litt hobby på Kreaktiv, litt gåver på Tilbords, litt mat på Mega.. Så var middagen i boks også!!
Herlig gåtur heim, men glatt, så eg måtte passe meg og gå på kanten.. Traff litt kjentfolk, litt hei her og litt vinking der.. Etter skuletid kom Sara og ein kamerat heim, og då kosa me oss med julelaging,kakao,pepparkaker og blånissehua kom på pinnar.. Målet er å tove den i kveld og tørke den inatt.. Kan ikkje la smånisseøyrene fryse..
Dagen idag har vore ein sånn energigivande kvardag, sånne dagar som lagar overskudd til å ta imot dei meir travle dagane.. Det er godt med denne gode blandinga..
Bok:"Ein stad å møtast" av Reidun Elise Foldøy.. (spennande å sjå kva den inneheld..)
CD:"Julen er for alle" av Sølvguttene med tekstlesing av Karsten Isachsen (kan anbefalast)..
Etter denne fredastunda var eg innom Jærhagen, litt hobby på Kreaktiv, litt gåver på Tilbords, litt mat på Mega.. Så var middagen i boks også!!
Herlig gåtur heim, men glatt, så eg måtte passe meg og gå på kanten.. Traff litt kjentfolk, litt hei her og litt vinking der.. Etter skuletid kom Sara og ein kamerat heim, og då kosa me oss med julelaging,kakao,pepparkaker og blånissehua kom på pinnar.. Målet er å tove den i kveld og tørke den inatt.. Kan ikkje la smånisseøyrene fryse..
Dagen idag har vore ein sånn energigivande kvardag, sånne dagar som lagar overskudd til å ta imot dei meir travle dagane.. Det er godt med denne gode blandinga..
2008-11-21
2008-11-12
2008-11-08
DET MÅ...
Det må vera ein stad det blir gøymt
det vi lever i lag,
kvar stund vi har lett og drøymt,
kvar nykveikt dag,
kvart smil og kvar varleg hand,
kvar time av trøyst,
ei rømd som har ævleg minne
og gøymer di røyst.
Det er for stort, det vi har,
til å siga ifrå oss.
Ein stad må det setja seg fár
og bia på oss,
ein stad eg ikkje kan nemna
og ikkje forstår.
bakom dei slokna stjerner
og folna år.
~Sigmund Skard~<<
det vi lever i lag,
kvar stund vi har lett og drøymt,
kvar nykveikt dag,
kvart smil og kvar varleg hand,
kvar time av trøyst,
ei rømd som har ævleg minne
og gøymer di røyst.
Det er for stort, det vi har,
til å siga ifrå oss.
Ein stad må det setja seg fár
og bia på oss,
ein stad eg ikkje kan nemna
og ikkje forstår.
bakom dei slokna stjerner
og folna år.
~Sigmund Skard~<<
2008-11-04
FRÅ HAUST TIL VINTER
No om dagen er det sånt herligt ver ute,
kaldt og klart og rim på bilar og tre..
Kanskje noko av det næraste me kjem vinteren
her på den sørlige vestkyst.. Bortsett frå ei
snøbyge som forsvinne før den legge seg,
og den årlege dagen med rennedrev..
Her i huset skal det ikkje meir til enn rim på
frontruta før det gir enkelte håp om "bedre tider"
(les: SNØ)..
kaldt og klart og rim på bilar og tre..
Kanskje noko av det næraste me kjem vinteren
her på den sørlige vestkyst.. Bortsett frå ei
snøbyge som forsvinne før den legge seg,
og den årlege dagen med rennedrev..
Her i huset skal det ikkje meir til enn rim på
frontruta før det gir enkelte håp om "bedre tider"
(les: SNØ)..
2008-10-24
2008-10-23
kvepsebol
me fekk ein gong eit godt råd frå ein vis kjenning om korleis ein vert kvitt kvepsebol... no veit eg kvar han hentar råda sine (ps. det fungerar!!):
2008-10-05
2008-09-28
HAUST
Sjøl om sommaren varte lenge i år, særlig for nokon av oss, er hausten komen no. Herligt med den skarpe lofta, tidlegare mørkt, litt vind og regn, tenne lys inne, lysta på nytt strikketøy,rydding i hagen, drue og tomata og paprika i drivhuset, erteblomsta som framleis klorer seg fast, aktiviteta, lekse, jobb og alt som gjer kvardagen best...:
2008-09-24
2008-09-21
2008-09-09
2008-09-06
2008-09-03
2008-09-01
2008-08-31
FERGETUR MED VISDOMSORD
2008-08-26
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
















































