Ute er det regnvær i dag og, men julestemninga kjem sigande, også utan kvite markar. Ønsker deg som ser innom familieliv ei velsigna god og fredfull jul.
FAMILIELIV
Ein blogg om likt og ulikt, men mest om hendingar i dagleglivet.
2015-12-23
Luke 22 og 23
Kvelden før kvelden... Plutselig var me her, jula 2015. Veslejuleaftan er på tampen, og me har tradisjonen tru hatt "nissegraut" med mandel, jammen vart eg den heldige dette året.
2015-12-21
Luke 21
I dag er det solsnu, og rett før Jul går det igjen mot lysare tider.
Dagens luke markerer dagen med nokre sommarminne
frå den herlige hyttestaden vår. Både to- og firbeinte nyt å koma
hit, ekstra fint er det når ein kan sitte på trammen og nyte
varmen i skuggen under bjørketreet.
2015-12-20
Luke 19 og 20
Det fjerde lyset lyser i staken, og her er det sett strek for
kakebakinga til jul, nok er nok.
Ingen hemmelige oppskrifter dette året heller, verre for
stakkars Hildegunn, slik kan det også gå.
Eg synst det er gildt å dele, og ikkje minst gildt å få,
nye oppskrifter. Til Jul er det rett nok ganske tradisjonelt,
favorittane høyrer med:)
Juletre nr 1 er komt på fot, og er pynta og klart til Jul,
vart ganska fornøgde dette året og:)
I dag gled me oss til finale for handballjentene, me håpar
det går rette vegen, og kanskje litt mindre nervepirrande
enn i semifinala...Det blir fort litt høglytt her i gården når det
vert for spennande.
No er det to dagar igjen på jobb, så tenker eg det skal bli
godt med nokre fridagar og kos i lag med bestefamilien:)

2015-12-18
Luke 18
I dag har eg hatt gildt søskenbarntreff etter jobb:) Mat og prat og kaffi.
Kvelden vidare vart ulidelig spennande med dei flotte hanballjentene. No er det berre å glede seg til søndag og finalekamp.. Vidare blir nok helga brukt til å førebu jula som plutselig er her, ein tur ut i juleregnet blir det nok og:)
2015-12-17
Luke 17
Ein komme ikkje utan om pakkedamen i julekalenderen,
også dette året til ære for alle som jobbar seint og tidleg for
at julehandelen skal rulle og gå. Kunne skreve nokre velvalgte
ord om kva eg meinar om søndags- og kveldsopne butikkar,
men let det være.
I dag har me fått frimerke på julekorta, og i morgon går dei
i posten til venner og familie. Det er gildt no denne tida
når det gjerne ligg eit koselig kort mellom reklame og rekningar.

2015-12-16
Luke 16
Det nærmar seg natt etter nok ein førjulsdag. Etter jobb var det juletreff
i turgruppa, stikkord er handling/smaking/drøs/, alltid gildt!
Elles er det veldig gildt å følle dei norske jentene i VM, og ekstra flott
med seier i kveld, etter ein litt for spennande kamp!
Sangen i dagens luke er ikkje akkurat typisk julesong, men likefullt nydelig
og god å ta med seg inn i natta.

2015-12-15
Luke 13,14,15
Plutselig vart det ugreie i kalenderen, søndag og mandag for avgarde utan lukeåpning, og no får dei slå seg i lag med nr 15. I helga var me på hytta ein tur, og søndagen kom med herlig vær. På veg heim køyrde me Sandsfjord Bruå for første gong.
I går kveld var eg så heldig å få være med på juleverksted, ein nisse fekk være med heim, koselig stund!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)