
Hei. Ja no er vi snart komen midt i oktober og kulden lurer bak hjørnet så då passer det vel bra med tøfler. Her har eg strikka stabburstøfler frå boka Vinterstrikk, ganske fornøyd med resultatet men synest det var mykje arbeid på dei!! Det vil vel gå litt kjappare viss eg strikker eit par til, desse er strikka i herrestr. og dei vart litt store. Har strikka dei i pt5.

Så slenger eg med eit par pulsvarmere i kjent fasong og mønster, har strikka ein del av desse ....og kanskje vert det fleire:)Desse er strikka i mirasol frå dsa.

Håper at det vert ein fin og god dag for alle:))