
Her er ei Pixielue med hals, mønsteret fann eg på
Trudes blogg. Har strikka den i eit ullgarn med dobbel tråd og brukt pinne nr 3,5, er ikkje sikker på kva garnet heiter for magebeltet mangla.

Synest lua vart fin på veslguten men han var ikkje så begeistra sjølv, kansje fordi det var varmt og fint vær... Får håpe han liker den betre når kulden kjem:) Og så eit par små russesokker, dei er strikka i silja og er til samme gutten, dei trur eg iallefall han vil bruke.

I dag har vi hatt eit nydelig vær her på vestlandet, det har virkelig vore sommer:) Vi har vore i Norheimsund og plukka bringebær så no har eg rørt masse godt syltetøy.Elles så har eg hatt problem med å få laste inn bilder på dataen men no ser det ut til å ha ordna seg.... Og no er ferien over for denne gang, i morgon er det på an igjen! Det har vore deilig å ha så lenge fri men kansje det ikkje vert så verst å komme på jobb igjen heller.... Har hatt ein ekstra ferietur denne veka, tok med meg eit barnebarn og kjørte ein tur til Trysil, vi hadde det kjempekoselig!! Så eg har ikkje vore så mykje på nett den siste tida, ikkje så veldig mykje strikking heller men no er ein vel tilbake til normalen. God veke til alle saman:))