Enda eit sokkepar gir meg ikkje med det eg, har alltid eit sokkepar på pinnane. Desse er strikka i silja og mønsteret er frå boka Folk knitting in Estonia. Opprinnelig er dette Ilmar`s socks herresokker som er blitt damesokker, dei er nok strikka i mykje tynnare tråd på mønsteret så eg måtte ta ein del masker mindre. Og det vart ganske mange masker for å få det til å stemme, derfor damesokker, veldig mykje fint i denne boka. Vart frista til innkjøp av den etter at eg hadde sett det fine Tino hadde strikka:)

Her får eg og vist fram ein av koppane som eg er så glad i, dei er laga av keramikaren Liv Sundal ho lager så mykje fin keramikk!
Vi har atter ein fin dag her på vestlandet, det er så deilig no når våren er komen.Det er om å gjera å vera ute å nyta dei fine dagane me får:-) Ha ein flott dag alle sammen!