...for her står juletreet fortsatt i stova, i sin finaste stas, og slettes ikkje ute på altanen, høsta og klart til opphogging, som planen var...
Eg var fast betemt på at 13 dag jul...ja, då skulle jula ut!
Trettande dag jul vert også kalt Hellige Tre Kongers dag, og er altså tidspunktet då dei tre vise menn (hellige kongar) kom med sine gåver til Jesusbarnet. Dette vart kyrkja si offiselle avslutning av julehøgtida.
Vel, ein del av julenipset var på veg...men fekk ei lita mellomlanding på spisebordet, og avgang vidare vart utsett... litt på ubestemt tid...men dersom flygeleiaren (les: Dunnismor) ikkje streiker i morgon, også, ser det ut til at takeoff kan gå som planlagt...
eller skal eg gjere som i riktig gamledagar...
vente til 20 dag jul...
På den gamle primstaven er også Tjuendedagen merka av, og då med eit drikkehorn som er snudd på hovudet. Då skulle feiringen vera over...
Får no nett sjå...
dessutan drys ikkje treet i det heile teke...
Ha ei god natt!
