Viser innlegg med etiketten Bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bursdag. Vis alle innlegg

torsdag 5. august 2010

1 år





DUNNISbabyen er slett ikkje nokon baby lenger...
eit heilt år har gått sidan ho kom til verda.

Kjennes ut som om det var i går...
ja, eg hugsar det som om det var i går.

Tankane mine har naturleg nok vore mykje attende i tid i dag...til dagen då DUNNISbabyen kom til verda, og når eg let att augo, er det nesten som om eg både kan sjå, kjenne og lukte den vesle nyfødte jenta som vart lagt opp på magen min...
heilt ny
heilt perfekt
og
heilt nydeleg.

Eit år etter, er du like
perfekt
og 
nydeleg, 
berre litt større.


Gratulera med dagen, kjæraste gullet mitt!




onsdag 28. oktober 2009

Sjørøverbursdag...siste etappe...




Då var me i mål for denne gongen...siste bursdagsfesten vart avslutta for berre nokre timar sidan...puh!  Eg kjenner det i både rygg, armar og bein. Og litt i hovudet òg, då...og bekkenet...ja, det skranglar fortsatt etter siste svangerskap...  men no må eg snart få sett å ringe til den fysioterapeuten min og få gjort nokke med det! 
Ja, for det er skikkeleg vondt innimellom, det er berre det at med ein gong eg ikkje har noko særleg med smerter, så trur eg at eg er bra att og på bedringens veg...og så tenker eg at eg kanskje ikkje treng behandling, likevel. 
Typisk meg! Men no er det altså heilt nødvendig med både massage, trening og nåler, kjenner eg...var så vidt eg kom meg opp av sofaen i stad...var ikkje akkurat så rask på foten då eg fyrst hadde kome meg opp i ståande, heller. Ja, det er heilt utruleg kor fort eg stivnar til...
Vel, no var det i grunnen ikkje bekkenet mitt eg hadde tenkt å skrive om akkurat...var berre det, at eg synest det er litt rart å tenke på at eg i den eine augneblinken fauk rundt her som den spretne sjørøverdama...for så i neste augneblink å vagge inn på kjøkkenet som ei anna kalvbeint ku...
...ja, det tek på å feire bursdag onsdag, fredag, søndag og så tirsdag att...sjølvaste dagen for 5-åringen, Jenteselskap for 11-åringen, Familieselskap for begge i eit jafs og så no Sjørøverbursdag for 5-åringen att...eit einaste langt bursdagsmaraton! Slitsamt...som eg har vore inne på... ja!, men veldig kjekt og givande, og for ei mor, er det fantastisk å sjå kor mykje glede og lykke det skaper. For det ligg ein god del arbeid bak;  mange timar på kjøkkenet, og nokre timar til å dekke på, pynte og  dekorere, også...for ikkje å snakke om fiskedammar som skal planleggast og riggast til, godteposar som skal fyllast og kanskje ei og anna lite skattekiste som må gøymast...
Sjølvsagt er ikkje alt dette strengt tatt nødvendig, men eg likar dét, likar å bake, dekke på og pynte. Eg likar å planlegge aktivitetar og leikar...likar  å delta aktivt i selskapet, gjerne som sjørøverdame, slik som i dag...då kjenner eg meg levande. Det er nok denne deltakardelen eg likar aller best...
For nokre år sidan var det bakinga eg la heile mi sjel i...alt skulle lagast frå botnen av og helst skulle det bugne over på fata av, ja, ikkje berre to typar bakverk, men gjerne fire eller fem...og ofte noko varmmat i tillegg.  
No seier eg Takk Toro og Møllerens!!!
Det er inga skam å bake 1-2-3! (Vert ekstra god tid til pyntinga...må innrømma at eg enno legg litt av sjela mi i den, då...)
Siste selskapet, siste etappen denne gongen, vart Sjørøverfest med ti små sjørøverar i alderen 4-5 år...med sjørøverhatter -og drakter, augnelappar, sablar og sverd...ja, full habitt :) To timar moro med tid til leik (les frileik), pizza, meir leik (fortsatt frileik), muffins, opning av presangar og enno meir frileik, før det heile vart avslutta med "fiske på havet" (med godteposar som fangst) og ein sjørøvertrall. 
Smilande ongar, brølande ongar, hoppande og dansande ongar...ja verkeleg fine ongar...og fornøyd, men sliten sjørøvermamma...med skranglande bekken :)

...nå kan vi ta det rolig, de neste...

Hiv o'hoi!








torsdag 22. oktober 2009

5-åring

Dunnisguten fylte 5 år i går.
Gratulera med vel overstått, bøllefrøet mitt!
DUNNISMoR hadde egentleg tenkt å skrive eit innlegg på dagen, men då kvelden kom kjende ho seg som ein vridd oppvaskeklut og orka ikkje anna enn å strande på sofaen og glane på fjernsynet.
Dagen starta med "Happy Birthday", muffins med lys og opning av presangar på senga. Ein i utgangspunktet trøtt gut, vart brått forvandla til ein nokså energisk gut då han såg brettet med muffinsar og haugen med presangar som DUNNISjenta kom berande med. Han opna den eine presangen etter den andre i racerfart. Smilet rundt munnen vart breiare og breiare etter kvart som innhaldet i pakkene viste seg...og det regelrett flaug innpakningspapir og gåveband rundt i rommet. Det vart både Power Miners, Carshelikopter, Carsbilar, Eventyrbok, Thomas signalhus og Eventyrbok på vakre, gode, snille, artige, omsorgsfulle, hjelpsame, omtenksame og fine guten min.
Etter denne seansen, var det berre til å kome seg avgårde til barnehagen...og eg fór ut av dørene, som ein virvelvind, med sekkar og posar i den eine armen og baby under den andre...og så bursdagsbarnet, sjølvsagt, hakk i hel. Me småsprang til bussen...nok ein gong...og hadde ikkje før sete oss ned før bussen køyrde. 
Framme i barnehagen vart det gratulasjonar frå alle kantar...vart nok litt i meste laget for bursdagsbarnet... for ei hand kom snikande inn i mi og ville ikkje heilt gje slepp på ei stund...
Medan barna i barnehagen hadde samlingstund, lånte eg kjøkkenet...pynting av Sjørøvermuffins måtte til... bakt kvelden før, men fordi det skulle vere så mykje pynt på dei, måtte dette gjerast etter transport. Etter at muffinsane hadde fått blå glasur, lyseblå smørkremtoppar, lakrisbåtar med sjørøverflagg oppå der att, gullpenge og sabel stukke nedi, var det tid for DUNNISMoR å gå. Barna fekk kose seg med sjørøvermuffins (bilete kjem) etter smørelunsjen og eg kunne kose meg i byen.
Etter barnehagen vart det feiring eit par timar på Fridays med middag og dessert.
Ein sliten, men fornøyd 5-åring, kraup stuptrøtt opp i senga den kvelden...det tek på å ha bursdag... Heilt til slutt på bursdagen las me faktabok om havet...favorittboka for tida...og gullongen sovna  til slutt med eit smil om munnen.




Glad i deg!




onsdag 14. oktober 2009

Når det er Vinternatt fyller DUNNISjenta og Ole Brumm år...




Det er ein spesiell dag i dag.
For der fyrste er det elleve år sidan DUNNISjenta kom til verda.
<3 til lukka med dagen kjære, snille, gode, omsorgsfulle, omtenksame, hjelpsame, dyktige, kreative, kloke og vakre jento mi!
Eg er så gla i deg!
Du er det mest fantastiske som har hendt meg!



For det andre er det ifylje primstaven Vinternatt/ fyrste Vinterdag i dag.
Fyrste vinterdag er som regel avmerka på primstaven med eit bladlaust tre (den sterke vinden på dinesmesse hadde blåst blada av trea) eller ein vott. Votten er eigentleg ein pavehanske, sidan denne dagen også er messedag for pave Callistus - ein av dei mange som led martyrdøden under kristenforfylgingane på 200-talet. På våre breiddegrader vart hansken etter kvart til ein vott, sidan denne dagen var den fyrste dagen på primstavens vinter-side.


For det tredje har Ole Brumm også bursdag i dag. Han fylte 72 år den dagen DUNNISjenta såg dagens lys...og dersom eg reknar fort i hovudet no, så kjem eg fram til at han fyller 83 år i dag. 
Den dagen...for elleve år sidan...då han fylte 72 år, hadde han faktisk hatt bursdagsselskap på barneklinikken. Dette vart me fortalt medan me venta på at babyen skulle kome ut. Det som var så rart, var at han òg satt på nattbordet inne på fødestova...satt der og venta...
Eg likar veldig godt denne gode, gamle bjørnen...kven gjer ikkje det? Derfor hadde eg kjøpt ein til den lille i magen og teke han med på sjukehuset...og då den etterlengta DUNNISjenta endeleg kom til verda...så var det på bursdagen til sjølvaste Ole Brumm!
Den fyrste boka om Ole Brumm vart utgiven 14 oktober 1926, som vert rekna som Ole Brumm sin fødselsdag. Boka vart oversatt til norsk i 1932 av Rikka Bjølgerud Deinboll og kom i ei ny og forkortå utgave i 1974 ved forfattaren og visedikteren Thorbjørn Egner.

14 oktober 2009
DUNNISjenta vart vekt kvart på sju av at DUNNISguten, DUNNISmannen og DUNNISMoR song  "Happy Birthday" for full hals. Tradisjonen tru, vart det servert Muffins med saft. Lysa...vel, lyset vart blese ut.. .og sidan det er litt trongt om plassen på ein muffins, så nøya me oss med eit hjartelys. Etter fru...muffinsane, opna bursdagsbarnet pakkar og vart strålande fornøyd med innhaldet: arkivmappe (Tilda), toolbox, jewellery bead kit og sewing box (Tilda)...alt frå Panduro. (Gjett om ho gler seg til å ta gåvene i bruk!)
Sjølv om ein har bursdag, må ein på skulen, så etter gåvedrysset var det berre til å kle på seg, gå på badet og kome seg avgårde til bussen i ein fela fart. Med sekken på ryggen og ein svær Ikeapose (papirutgåva) med muffins i den eine handa, fór ho glad og fornøyd ut av døra. Oppi Ikeaposen låg 20 muffinsar med svart glasur og spindelvevmønster og desse skulle delast med alle dei andre i klassen...for ein feirar fortsatt litt på skulen...sjølv om ein vert elleve år. Muffinsane bestilte ho forresten av DUNNISMoR fleire dagar i førevegen...og dei vart ein like stor suksess i år, som i fjor.
Etter endt skuledag, vart det vidare feiring på Friday's saman med DUNNISfamilien, Bestemor og Pappaen...noko DUNNISjenta hadde eit sterkt ynskje om. Her vart det fylt på med både hamburgarar, kaker, is og brus, og etter nesten to timar, trilla me så og sei ut att.
Så er det jo slik at du feirer resten av dagen din hjå Pappa...sidan du er hjå han i dag. Helst skulle eg vore med deg resten av dagen og kvelden, òg, ja, heile tida...heile livet..., men eg veit jo godt at ei DUNNISjente må vere saman med både pappaen og mammaen sin...
det er dét som er rett for deg...
Du har hatt den finaste bursdagen i livet ditt, sa du på telefon, då du skulle ringe for å sei god natt, og det gjer det utruleg godt, for ei DUNNISMoR som saknar jenta si, å høyre.







 


Kjære Ole Brumm
Gratulerer med dagen til deg, òg! 


 


tirsdag 15. september 2009

Bursdag

Det har vore nok ein nydeleg dag (14 september)! Vakna av at DUNNISmannen, DUNNISjenta og DUNNISguten kom syngande inn på soverommet med frukostbrettet mellom seg. Utruleg koseleg å få frukost på senga...fekk servert kaffi, skive med Vossafår, kokt egg og muffins med lys på (klarte å blåse ut alle lysa) :) DUNNISjenta og DUNNISguten sat saman med meg og gomla muffins til frukost. Me har tradisjon på det hjå oss...alltid muffins til frukost når det er bursdag...med lys på. 
Dunnisbabyen vakna etter kvart og ville også ha frukost...for andre...tredje gong. Det har vorte ein god del fleire måltid på ho det siste døgeret. Hyppig amming er kjempeviktig når ein har tette melkekanalar, las eg på Lommelegen...så store delar av dagen har naturlegvis gått med til dette. 
Drista meg ein tur ut i dag for å røyste...med ull lag på lag for å halde meg varm...skal love deg at eg vart svett i den varme lufta...kunne heller ikkje kle av meg, men fekk i alle høve røysta :)
DUNNISmannen har baka og styrt på i fleire timar i dag...vart akkurat ferdig i tide til gjestane kom i sekstida. Kosa oss fyrst med muffins, sjokoladekake, rullekake, kjeks, is, snop, kaffi og brus...vart stappmette...og DUNNISborna noko energiske :) Deretter las eg kort og opna presangar...har fått masse fint: Ullpledd, vaffeljern, Body Shop-produkt, Roy Jacobsens nyaste bok: "Vidunderbarn", rutete sjal med sølvtrådar og ein søt, liten orkidé. Eg er kjempefornøyd og har verkeleg hatt ein kjekk og koseleg bursdag...trass i brystspreng og tette melkekanalar. 
No sit eg og nyt stillheita...med eit halvt auga på "Valgnatt" på NRK1...må innrømme at det er litt spanande sjølv om eg ikkje har fylgt så nøye med på valgkampen. Eg har jo vore heilt oppslukt i DUNNISbabyen siste månaden, så klart. 
Håpar på nok ein fin dag i morgon...og på bedre form, sånn at eg kanskje får overskudd til å begynne å strikke på djevellua eg har kjøpt garn til. Har også planar om å fotografere litt og få lagt inn fleire bilete. Gler meg!